Grafisk profil

Eit kommunevåpen er eit offisielt kjennemerke for kommunen. Det blir brukt for å vise kven kommunen er, og for å gjere dokument, skilt, nettsider og anna materiell lett å kjenne att.

Kommunevåpen Skjåk

Kommunevåpenet er ein del av den visuelle identiteten til Skjåk kommune. Kommunevåpenet symboliserer skaparevna som gjennom lang tid har prega folk i Skjåk. Denne skaparkrafta har vore med på å leggje grunnlaget for vekst og styrke i kommunen. Kommunevåpenet skal brukast på ein ryddig og korrekt måte, saman med kommunenamnet, slik at det er tydeleg at informasjonen kjem frå Skjåk kommune.

Grafisk profil for Skjåk kommune (kjem)

Ta kontakt med Skjåk kommune dersom du treng logo til bruk i trykksaker, digitale flater eller anna materiell. Vi ber om at du opplyser kva format du treng, og/eller kva logoen skal brukast til.

Motivet i kommunevåpenet

Firbladet i sølv og grått (eller kvit) har bakgrunn i den rike treskjerartradisjonen i bygda. Motivet finst mellom anna på stuguskåp etter Skjåk-Ola, på preikestolane i kyrkjene i Skjåk og Nordberg, og i anna handverk frå bygda. Blomen og akantusmotivet kan symbolisere liv, vekst og tradisjon. Kommuneblomen for Skjåk er lapprose.

Kommunevåpenet er utforma av Arvid Sveen frå Vadsø. Det vart godkjent i statsråd 31. mars 1989.

Logo Skjåk kommune - Klikk for stort bilde