Kommunikasjonskanalar

Skjåk kommune brukar eigen nettside, sosiale medier og apper for å halde deg oppdatert.

Heimesida vår

Skjåk kommune si heimeside er hovudkanalen vår for kommunal informasjon. Her finn du informasjon om tenester, opningstider, kontaktinformasjon, skjema, kunngjeringar og aktuelle saker frå kommunen.

Ved kriser og alvorlege hendingar brukar vi heimesida til å dele viktig og oppdatert informasjon med innbyggjarane.

Bruk søkjefeltet dersom du veit kva du leitar etter, eller gå via menyen og snarvegane på framsida. Vi arbeider for at innhaldet skal vere lett å finne, lett å forstå og tilgjengeleg for alle.

Nyheitsbrev

Skjåk kommune sender ut nyheitsbrev som ein av våre kommunikasjonskanalar. I nyheitsbrevet får du aktuell informasjon, nyheiter og viktige meldingar frå kommunen direkte på e-post.

Du kan melde deg på ved å følgje lenka under.

Meld deg på nyheitsbrev

Sosiale medium

Skjåk kommune brukar sosiale medium for å nå ut med aktuell informasjon, nyheiter og ledige stillingar. Kanalane er ein viktig del av arbeidet vårt med informasjon, synleggjering og rekruttering.

Du finn dei offisielle kanalane våre via lenkene under.

Appar

I Friskus Innbyggarmelding kan du enkelt melde frå til kommunen om feil og manglar vi bør sjå på. Det kan til dømes vere skade på veg, behov for brøyting eller strøing, feil på gatelys eller forsøpling.

Du kan laste ned appen Friskus Innbyggarmelding gratis frå App Store eller Google Play.

Gå til Friskus Innbyggarmelding her

Sekundær nettside - Skjåk.no 

Aktiv nettside for oss som bur her, besøkande og for moglege tilflyttarar. 

Les meir på skjak.no