Kommunedirektør

Kommunedirektøren er øvste leiar for kommuneadministrasjonen og har ansvar for den daglege drifta av Skjåk kommune.

Bruk rullefelt (scrollbar) under figur for å se hele innholdet.

Kommunedirektøren skal sørgje for at kommunen sine tenester og oppgåver blir utførte i samsvar med lover, forskrifter og politiske vedtak. Eit viktig ansvar er å sikre at saker som blir lagde fram for politisk behandling, er godt utgreidde og gir eit godt grunnlag for avgjerder.

Kommunedirektøren har òg ansvar for at vedtak blir følgde opp og sette i verk, og at kommunen har god styring, internkontroll og ei effektiv forvaltning av ressursane.

Saman med leiargruppa arbeider kommunedirektøren for ei heilskapleg, langsiktig og strategisk utvikling av Skjåk kommune, til beste for innbyggjarar, tilsette og lokalsamfunnet.