Kva er ein kommunal planstrategi?
Den kommunale planstrategien er retningsgjevande for planarbeidet i kommunen. Han tek utgangspunkt i dagens situasjon og utviklingstrekk i samfunnet, og vurderer kva behov kommunen må planleggje for i åra framover.
Planstrategien er ikkje ein plan i seg sjølv. Han viser kva planar kommunen har behov for, kva planarbeid som bør prioriterast, og kva ressursar som må setjast av til arbeidet.
Alle kommunar skal utarbeide ein kommunal planstrategi i kvar valperiode. Planstrategien er også eit viktig politisk styringsverktøy og skal bidra til at kommunen prioriterer planarbeidet ut frå reelle behov, utfordringar og moglegheiter i Skjåk.
Les Kommunal planstrategi 2024-2027, Skjåk kommune (PDF, 350 kB)