Resertifisering - Merket for Berekraftig reisemål - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Resertifisering - Merket for Berekraftig reisemål

Skjåk kommune går no i gang med arbeidet fram mot resertifisering av merket for Berekraftig reisemål. Merket blir tildelt til destinasjonar som jobbar langsiktig og systematisk med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping. For å bli resertifisert må kommunen dokumentere framgang sidan sist sertifisering – og dette krev tett samarbeid med næringslivet. 

Kva er merket for Berekraftig reisemål?

Merket for berekraftig reisemål er ei nasjonal merkeordning utvikla av Innovasjon Norge. Ordninga fungerer som eit styringssystem for reisemål som ønskjer å arbeide systematisk og langsiktig med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping.

Skjåk vart sertifisert som berekraftig reisemål som del av regionen Nord-Gudbrandsdal (Nasjonalparkriket) i 2022.

Merket viser at eit reisemål:

  • arbeider kontinuerleg med forbetringar, sjølv om det ikkje er 100 % berekraftig
  • kartlegg og dokumenterer status innan miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
  • blir evaluert kvart tredje år og må vise framgang for å bli resertifisert

Ordninga stiller tydelege krav til samarbeid mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn, og er bygd på ein omfattande standard med kriterium og indikatorar.

Les meir på Innovasjon norge sine sider: Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning

 

Kvifor skal vi resertifiserast?

Resertifiseringa skal skje kvart tredje år, og krev at vi kan dokumentere tydeleg framgang i arbeidet med miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Dette er ikkje ein ny sertifisering frå start, men ei grundig evaluering som viser om vi faktisk utviklar oss i riktig retning. 

Resertifiseringa omfattar ei ny gjennomgang av alle kriterium og indikatorar, der reisemålet må vise korleis situasjonen har utvikla seg sidan førre sertifisering. Det betyr mellom anna oppdatert kartlegging av miljøpåverknad, sosiale verdiar, leiing, strategi og økonomisk berekraft. 

Næringsaktørar spelar ei viktig rolle ved å bidra med innsikt, erfaringar og data knytt til eiga drift, gjestar, transport og ressursbruk. 

Det er Rada Reiseliv SA som har ansvar for prosjektleiing og den operative gjennomføringa av resertifiseringa. Oppdraget er tidsavgrensa og blir utført på vegner av Skjåk kommune. 

 

Næringslivsundersøkinga

Næringslivsundersøkinga er ei av dei obligatoriske kartleggingane i arbeidet med Merket for berekraftig reisemål. Den gir oversikt over korleis lokale verksemder jobbar med berekraft, og er ein viktig del av grunnlaget for å vurdere status og utvikling i reisemålet over tid. Undersøkinga inngår i den omfattande kartlegginga som krevst for å dokumentere berekraft innan miljø, samfunn og økonomi. 

Resultata frå undersøkinga hjelper kommunen og næringa å identifisere kva som fungerer godt, og kvar vi bør sette inn nye tiltak. 

Lenke til spørjeundersøkinga: https://no.surveymonkey.com/r/Bedrifter_remerk