Råd ved kokeanbefaling

Dersom vatnet må kokast, sender Skjåk kommune ut melding om kokeanbefaling til dei det gjeld. Vi varslar òg når kokeanbefalinga blir oppheva. 

Vi sender som regel ut kokeanbefaling for å vere føre var – for å sikre at alle har trygt drikkevatn.

Ved leidningsbrot er det som oftast nok at kommunen gjer ei kontrollert spyling. Dersom vi er usikre på om vatnet kan vere forureina, tek vi vassprøver og vurderer om vi skal sende ut kokevarsel. Alle kokevarsel blir sendt ut i samarbeid med kommuneoverlegen.

Når du får kokevarsel

Du bør koke vatnet som skal brukast til:

  • Drikke, saft og andre drikkeprodukt
  • Mat som ikkje skal kokast eller varmast opp over 100 °C
  • Kaffe (kaffetraktarar kokar ikkje vatnet)
  • Isbitar
  • Skylling av frukt, salat og grønsaker
  • Tannpuss
  • Manuell oppvask, inkludert skylling

Les meir om lagring av drikkevatn