Vatningsrestriksjonar

Skjåk kommune kan i periodar innføre vatningsrestriksjonar for innbyggjarar som er knytte til kommunalt vassverk. Dette blir gjort for å sikre stabil og trygg vassforsyning til alle.

Kvifor kan det bli innført restriksjonar?

I periodar med varmt og tørt ver kan vassforbruket bli høgt. Mykje av forbruket kan kome frå plen- og hagevatning. Når mange brukar mykje vatn samstundes, kan det leggje stort press på vassverket, leidningsnettet, pumpene og høgdebassenget.

Kommunen har ansvar for at abonnentane har tilgang på reint og trygt drikkevatn. Vatnet skal òg vere tilgjengeleg for viktige samfunnsfunksjonar, som helsetenester, offentlege bygg, næringsverksemd og beredskap ved brann eller andre hendingar.

Tips for hagevatning:

  • Unngå vatning midt på dagen – vatn fordampar fort i sol. Vatne heller på kvelden.
  • Dekk jorda med grasklipp, bark eller liknande for å halde på fukta.
  • Ta vare på regnvatn og bruk det til vatning av blomstrar.
  • Hugs at plenen er robust og tåler litt tørke. Ved langvarig tørke kan plenen få ei skikkeleg rotbløyte (2–3 cm vatn). Bruk ein boks for å sjå når den har fått nok.

Ved å følgje desse enkle råda bidreg du til god kapasitet og sikker vassforsyning for alle i Skjåk.