Kommunale vegar i Skjåk kommuneHer finn du alt om drift og vedlikehald av kommunale vegar i Skjåk kommune. Drift og vedlikehaldDrift og vedlikehald av kommunale vegar:Bustadvegar i Bismo, Aurmo og UppnoseVeg til Holemork barnehageSygard - KvatsteinslettomGamle Vollungsbru, Ofossbrua og Bukkeoddbrua, Bismo renseanleggVeg inn til TundramoenNB: Skjåk Utbyggingselskap har ansvar for Sotvegen. Spørsmål rundt Sotvegen kan sendast til Skjåk Almenning.GateljosGateljos (veg, gangveg)Gateljosa er utkopla frå 1. mai til 15. august.I vinterhalvåret er gateljos sløkte mellom kl 01:00 og kl 06:00.Det er hovudettersyn på gateljosa med pæreskift i september og januar.FlaumvollenEr utkopla frå 1. mai til 15. august.Ljosa på flaumvollen er sensorstyrte. Når det ikkje er aktivitet i området, lyser dei med låg styrke for å spare energi. Når fotgjengarar eller syklistar passerer, aukar lysstyrken automatisk i nærleiken av den som går eller syklar forbi. Dette bidreg både til lågare energibruk og auka tryggleik langs gangvegen. Fjerning av tre og buskarGrunneigarar har plikt til å fjerne tre og buskar som hindrar sikt langs vegar og kryss og som kan væra til hinder for brøyting og strøing. Dersom grunneigar forsømer seg på dette, kan kommunen setja i gang fjerning av tre og buskar på grunneigar sin kostnad. Brøyting og strøingSjå kvar vi brøytar og strørSjå kart over kvar vi brøytar og strør på vedlagt lenke.Gå til BrøytekartBrøyting kommunale vegarKorleis prioriterer Skjåk kommune?Bustadvegar i Bismo, Aurmo og UppnoseVeg til Holemork barnehageSygard - KvatsteinslettomGamle Vollungsbru, Ofossbrua og Bukkeoddbrua, Bismo renseanleggVeg inn til TundramoenTekniske krav til brøyting og strøing (vinterdrift)Ved prioritering kan entrepenør gjennombrøyte utan full bredde, men slik at trafikken kan passere, utviding av brøytekantar til full vegbreidde utførast utan opphald etter gjennomkøyring. BrøytingBrøytingTiltakKravTilstandStadSnøbrøyting4 cmvåt snøSnøbrøyting8 cmtørr snøalle roderSnøskavlar15 cmfokksnøalle roderSnøbrøytingferdig før kl.0700 kvardagarferdigSnøbrøytingferdig før kl.0700 kvardagarferdig StrøingStrømengde skal utreknast etter 200g/m2.Strøing ved tempertatur -8C grade og kaldare skal berre skje etter avtale med kommunen.Strøing skal berre skje i vegkryss, kurvar og bratt stigning over 7 %.Godkjent friksjon er 0.20 som tilsvarar tørr is.Det skal ikkje strøast når det er venta nedbør innan 8 timar som medførar snøbrøyting.Det skal berre strøast mot midten av vegen, der det er motgåande køyrefelt skal det strøast berre imot motgåande køyrefelt.Det er berre tillate med punktstrøing. Heilstrøing skal avtalast med kommunen. Ansvarsområde for brøyting og strøingRode 1:Brøyting og Strøing Dønfoss, Tundramoen, Brumellom og Slettomsvegen. Mogard Traktorservice ASRode 2: Brøyting og StrøingKommunale vegar og plassar i Bismo. Kjell Magne Bøhle maskinstasjon ASRode 3: Brøyting og strøing Gang og sykkelvegar i Aurmo, vollungsbru Holemork barnehage Bokkeoddbru og Ofossen bru til Bismo reinseanlegg. Kjell Magne Bøhle maskinstasjon ASFor å melde inn tilbakemeldingar på strøing, brøyting og/eller annet. Meld inn på lenke under.Meld inn herStrøingSkjåk kommune prioriterer strøing av kommunale vegar på bratte vegstrekningar og for mjuke trafikkantar. Vi vurderer glatt føre opp mot godt vinterføre og sparkføre.Butikkeigarane har ansvar for plassen framfor Skjåk kjøpesenter, Statoil og Skeimoplassen. Statens vegvesen har ansvar for å brøyte og strø riksveg 15, fylkesvegane, samt gang- og sykkelvegane langs riksveg 15.Kontakt vaktmeistrar i Bismo, teknisk vakt utanom ordinærm arbeidstid på telefon 909 77 628Kven har ansvar for vegen?Kommunale vegarSkjåk kommune har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, samt tilhøyrande fortau, gang- og sykkelvegar der kommunen er vegeigar.FylkesvegarInnlandet fylkeskommune har ansvar for fylkesvegane i Skjåk kommune.RiksvegarStatens vegvesen har ansvar for riksvegane.Private vegarFor private vegar er det grunneigarar, oppsitjarar eller veglag som har ansvar for drift og vedlikehald.Ansvar for fortau og eigedomHuseigarar og grunneigarar har ansvar for reinhald, måking, strøing og feiing av fortau langs eigedomen der dette gjeld. Dei har også ansvar for å halde slukar og rister frie for lauv, snø og anna avfall.Alle eigarar må bidra til at vegetasjon, snø eller andre forhold frå eigedomen ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar eller hindrar sikt langs veg og fortau.Meld fra om feilBruk meldingstenesta for å melde frå om feil eller manglar ved brøyting, renovasjon, parkering, forureining/forsøpling, vatn, avløp og kommunal veg. Du kan også følge med på saksbehandlinga av meldinga du sender inn.Meld feil