Arbeidsverkstad for kommunestyret i Skjåk
Arbeidsverkstaden fann stad i forbindelse med at arealbruk er eit tema i Skjåk kommune sin samfunnsplan, og at ein i den forbindelse vil utarbeid ein arealstrategi for Skjåk.
Spørsmåla over er store, og gir ofte opphav til like mange nye spørsmål som ein får svar. Likevel var det nokre svar som skilde seg ut i verkstaden, som ei tydeleg retning som det er brei semje om:
- Det skal ikkje vere vanskeleg å busette seg i Skjåk, anten du er nytilflyttar eller vender attende frå «an’stann».
- Det skal vere mogleg å flytte på seg innanfor kommunen, når liv og bustadbehov endrar seg.
- Det er naudsynt å ha noko klargjort næringsareal som er attraktivt.
- Jordvern, beredskap og mattryggleik er viktig, særleg i urolege tider som no.
- Fortetting i områder der det allereie er bygd bør bli eit større fokus, slik at ein kan møte fleire behov utan å alltid måtte bygge ut på nye område.
Skjåk kommune
Korleis ein skal få til dette, er noko politikarane og innbyggjarane skal få høve til å «borre» ytterlegare i utetter hausten. I tillegg skal vi dukke inn i spørsmål som handlar om omfanget av fritidsbustader og kvar desse skal vere, omsynet til villrein, korleis ein ynskjer å nytte mineralressursane som ligg i Skjåk og planvask.
Det siste betyr enkelt sagt å stille spørsmål om kor vidt det er områder i Sjåk som i dag er planlagt for utbygging (til næring, fritidsbustader, bustader eller andre ting), som ikkje lenger er så aktuelle eller attraktive som dei var den gongen det var bestemt at dei skulle kunne byggast på.
Har du tankar eller innspel kring arealbruk i Skjåk, så kan du sende ein e-post til therese.moe.oye@lom.kommune.no, eller fylgje med på kommunen sin nettstad for å få med deg kva tid det skal vere grendamøte m.m.
Er du ein «tall-person» finn du også mykje interessant om areal i Skjåk både på Statistisk sentralbyrå sine sider kommuneareal og på fylkeskommunen sin sider for statistikk, kart og analyse: Innlandsstatistikk og InnlandsGIS.
Skjåk kommune