Frå venstre: Trude Teige (forfattar), Karoline Askheim (frå NBB), Sigrun Eide (bibliotekleiar), Helene Voldner (leiar Norsk bibliotekforening), Ida Marie Banken (bibliotekar)
Linn T. Sunne
Heile 80 personar fann vegen til biblioteket denne kvelden. Det var fullt hus, gode samtalar, latter, fine ord og ei fantastisk kjensle av fellesskap.
Ordførar Edel Kveen ynskte velkomen, og løfta fram kor viktig biblioteket er som møteplass i bygda – ein stad der folk i alle aldrar kan møtast, delta og vere ein del av fellesskapet.
Vi hadde besøk av Helene Voldner og Karoline Askheim frå Norsk Bibliotekforening, som også var med på å nominere oss og som stod bak ideen om å lage denne feiringa.
Helene sa nokre fine ord om biblioteket og dei som jobbar der. Ho minna oss på at eit bibliotek ikkje berre er eit rom fylt med bøker. Det må vere menneske til stades som driftar boksamlinga, skaper aktivitet, arrangerer og legg til rette for at biblioteket skal kunne vere nettopp det vi ønskjer at det skal vere.
Fylkesbiblioteksjef Tone Nyseter sette ord på kor viktig biblioteket er som ein open og inkluderande møteplass – ein stad der menneske i alle aldrar kan møtast, delta og kjenne seg heime.
Trude Teige
Og så fekk vi møte ei dame som mange av lånarane våre kjenner svært godt frå bokhyllene: Trude Teige!
Forfattaren og journalisten er ein av dei mest utlånte forfattarane vi har i Skjåk, og det var derfor ekstra stas å få henne på besøk.
Og for ei dame!
Trude imponerte alle med den fantastiske forteljarevna si. Ho tok oss med inn i nokre av dei spennande historiene ho har skrive, og vi fekk eit lite innblikk i menneska, historiene og bakgrunnen for bøkene hennar.
Men ein skikkeleg fest treng sjølvsagt også litt latter!
Og det fekk vi så absolutt då skjåkværane Torill Wassæther, Magnhild Teigum og Astrid Skjåk stod for det humoristiske innslaget. Den gode, lokale «påkantenhumoren» slo verkeleg an, og latteren sat laust blant dei 80 som hadde møtt fram.
Det var rett og slett ein kveld med alt vi kunne ynskje oss: gode ord, litteratur, historier, humor, latter og – ikkje minst – mange menneske samla på biblioteket.
Og kanskje er det nettopp dette som er det finaste med heile prisen.
For denne prisen er ikkje berre vår.
Den er også dykkar.
For eit bibliotek blir ikkje ein levande møteplass utan menneska som brukar det. Alle som låner bøker, kjem på arrangement, besøker utstillingar, deltek på aktivitetar, samarbeider med oss, stikk innom for ein prat – eller berre opnar døra og kjem innom. Det er de som gjer biblioteket til det det er.
Godt samarbeid er tingen!
Vi er også utruleg takksame for alle dei gode samarbeidspartnarane våre – lag og foreiningar, skular og barnehagar, kulturfolk, frivillige, lokale eldsjeler, kommunen, fylkesbiblioteket og alle andre som bidreg med idear, engasjement og hjelp. Det er mykje vi aldri kunne fått til åleine.
Vi har til og med fått vår eigen lille filosofi: #hjelpaståt. For det er slik vi likar å jobbe. Vi deler idear, hjelper kvarandre, samarbeider – og tør gjerne å prøve noko som kanskje er litt annleis.
Kvelden vart ei påminning om kvifor biblioteket betyr så mykje for oss. Eit lite bibliotek kan vere ein stor ressurs for eit lite lokalsamfunn. Det kan vere ein stad for kunnskap, kultur, tilhøyrsle og fellesskap.
Og kanskje var det nettopp dette juryen såg då dei kåra oss til Årets bibliotek.
Hjarteleg takk til Norsk Bibliotekforening for prisen – og for ei fantastisk feiring! Takk til Helene og Karoline for at de såg oss, hadde tru på oss og ville lage denne kvelden saman med oss!
Takk for at de såg oss!
Takk til Edel for at du ønskte velkomen og sette ord på kor viktig biblioteket er for Skjåk.
Takk til Tone for fine ord og godt samarbeid.
Takk til Trude Teige for at du tok oss med inn i dei spennande historiene dine.
Og takk til Torill, Magnhild og Astrid for latteren og den gode, lokale humoren!
Og aller mest:
Tusen takk til alle dei 80 som kom denne kvelden – og til alle dykk som brukar og støttar biblioteket gjennom heile året.
Denne prisen er også dykkar.
Vi er utruleg stolte av biblioteket vårt – og av Skjåk!