Skaff deg ein DAB-radio
DAB-radio brukar eit eige kringkastingsnett. Med ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv, kan du få viktig informasjon frå styresmaktene sjølv om internett fell bort og straumen blir borte. Dei fleste bilar har òg DAB-radio.
NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også viss andre nyheitsmedium og offentlege nettsider ikkje er tilgjengelege.
Lad opp batteribank og utstyr
Ha ein oppladd batteribank tilgjengeleg, og ekstra batteri til radioen. Viss det er fare for problem med mobilnett, internett eller straum, bør du lade mobiltelefon, datamaskin og anna utstyr. Mobiltelefonen kan framleis vera nyttig, t.d. som lommelykt eller når dekninga kjem og går.