Dagsturhytta ligg fint til ved elva og er eit populært turmål for både små og store. Ho er mykje brukt gjennom heile året, mellom anna av barnehagar, eldre, familiar og andre som nyttar den universelt utforma turvegen langs flaumvollen.
Ein har over tid opplevd forsøpling i og rundt hytta. Skjåk kommune håpar difor at alle som bruker området, vil bidra til å halde hytta og uteområdet reint, ryddig og triveleg.
Kommunen oppmodar alle til å:
- ta med søppel og rydde etter seg
- forlate hytta slik stand dei sjølve ønskjer å finne henne i
- vise omsyn til andre som bruker området
- melde frå til kommunen dersom dei oppdagar skadeverk eller forsøpling
Dagsturhytta er eit felles gode og ein viktig møteplass for innbyggjarar og besøkande. Skjåk kommune ønskjer at alle skal kunne bruke området og kjenne seg velkomne der.
Kommunen vil i tilfelle av hærverk, tagging og alvorleg forsøpling melde hendingane til politiet.
Saman kan vi ta vare på dagsturhytta og det fine området ved elva, slik at staden kan vere til glede for alle i mange år framover.