Driftsproblem hjå Microsoft

Microsoft har for tida omfattande tekniske problem som påverkar fleire av tenestene deira, mellom anna Outlook, Teams, SharePoint og Planner.

Problema kan føre til at brukarar får vanskar med å sende og motta e-post, bruke Teams eller få tilgang til andre Microsoft-tenester.

Microsoft arbeider med å rette feilen og opplyser at det ikkje er noko som tyder på at problema skuldast eit dataangrep.

Vi følgjer situasjonen og håpar tenestene er tilbake til normalen så snart som råd.