Etter ei tid som konstituert leiar har Teigen fått god kjennskap til både arbeidsoppgåvene og medarbeidarane ved Nav Lom og Skjåk. Ho trekkjer fram det gode samarbeidet med dei andre Nav-kontora i Gudbrandsdalen som ein viktig ressurs.
Ho trivst godt i rolla som Nav-leiar og ser fram til å bli endå betre kjent med organisasjonen og samfunnsoppdraget.
– Det er særleg meiningsfullt å kunne hjelpe unge og andre som treng ekstra støtte for å kome inn på arbeidsmarknaden. Ein god arbeidsplass er viktig for både helse, trivsel og identitet, seier Teigen.
Lang erfaring frå kommunal sektor
Privat
Teigen er utdanna sosionom frå 1998 og har vidareutdanning i helseleiing frå BI i 2025. Ho har over 27 års erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester, og har dei siste åra vore tenesteleiar for bufellesskap og personleg assistentteneste i Skjåk kommune.
Ho tek med seg brei leiarerfaring og kunnskap om tilrettelegging og støtte til menneske med ulike behov inn i den nye rolla som leiar for Nav Lom og Skjåk.
Nav