H.M. Kong Harald V 1937 - 2026

Det er med sorg vi har motteke meldinga om at Hans Majestet Kong Harald er død. 

Dei som ynskjer det kan skrive ei helsing i Skjåk kommune og Skjåk kyrkjelege fellesråd sin felles kondolanseprotokoll.  Kondolanseprotokollen vil bli lagt ut i servicetorget frå i dag 28. august klokka 12:00 og vil vere tilgjengeleg i servicetorget sine opningstider fram til gravferda.

Kondolanseprotokollen vil også vere tilgjengeleg laurdag 29. august på Skjåk folkebibliotek klokka 10:00 - 14:00 og i Skjåk kyrkje frå kl 15.30 i samband med messa kl 16:00.