Har du eit aktuelt SMIL-tiltak? Det er framleis tilskotsmidlar att i 2026.

Skjåk kommune har framleis SMIL-midlar (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) til fordeling i 2026, og oppmodar aktuelle søkjarar om å sende inn søknad.

Det kan mellom anna søkjast tilskot til:

  • restaurering og istandsetjing av verneverdige bygg, seterbygningar og andre kulturminne i jordbrukslandskapet
  • rydding og skjøtsel av attgrodd kulturlandskap
  • tiltak for biologisk mangfald
  • utbetring av beitegjerde og annan infrastruktur knytt til beitebruk
  • tiltak som reduserer forureining frå jordbruket

Søknadsfristen er løpande, og søknader blir handsama etter kvart som dei kjem inn og så langt det er midlar tilgjengelege.

Ta kontakt med landbrukskontoret i Skjåk kommune dersom du ynskjer rettleiing om aktuelle tiltak eller hjelp med søknaden.