Høyring av forslag til ny forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Skjåk kommune, Innlandet
Skjåk kommune legg med dette forslag til ny forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg ut på høyring. Frist for å sende inn fråsegner er sett til 03.12.2026.
Høyringssvar kan sendast til post@skjaak.kommune.no eller til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk.
Bakgrunn
Heimelen kommunane har til å krevje inn feie- og tilsynsgebyr følgjer av lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) frå 2002. Lova gjev kommunestyret mynde til sjølv å fastsetje lokal forskrift om gebyr for gjennomføring av feiing og tilsyn med fyringsanlegg, jf. § 28 andre ledd.
Forskrift om brannforebygging fastset dei overordna rammene for feiing og tilsyn. Forskrifta tok til å gjelde 1. januar 2016 og erstatta tidlegare forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn frå 2002. Den sentrale forskrifta inneber at alle fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk, skal ha behovsprøvd feiing av røykkanalane i anlegget (røykrøyr, skorstein med meir), og behovsprøvd tilsyn med sjølve fyringsanlegget. Det er ikkje lenger høve til å halde fritidsbustader utanfor ordninga. Minimumsfrekvensen på fire år, som gjaldt fram til 2016, vart teken ut. Det opnar for lengre feie- og tilsynsintervall enn fire år der behovet tilseier det.
Veiledning til forskrift om brannforebygging utfyller føresegnene i forskrifta og presiserer at både kor ofte tilsynet skal gjennomførast og korleis det skal gjerast, skal byggje på risiko. Karakteren til byggverket og bygningsmiljøet, kvaliteten på fyringsanlegget og fyringsmønsteret er døme på vurderingskriterium for risiko.
Gjeldande forskrifter og praksis
Lovgjevaren har gitt kommunane stor fridom i korleis gebyra blir innretta. Det er opp til kommunen om ho vil ha same gebyrsats for alle, eller om ho vil differensiere gebyret ut frå kor ofte tiltaka blir gjennomførte, kva slags fyringsanlegg det er, bygningstype eller liknande. Den einaste avgrensinga er at dei samla gebyrinntektene til kommunen berre kan dekkje dei utgiftene kommunen har med å utføre tenesta – det såkalla sjølvkostprinsippet.
Det vil seie at kostnadene kommunen har med å yte tenestene skal dekkjast inn gjennom dei gebyra abonnentane betalar. Kommunen kan ikkje tene pengar på tenesta. Overskot eller underskot i det enkelte året skal setjast av til, eller dekkjast inn frå, bunde driftsfond (sjølvkostfond). Avsett overskot blir ført tilbake til abonnentane i form av lågare årsgebyr i løpet av ein femårsperiode. Tilsvarande blir framførbart underskot dekt inn over årsgebyret i løpet av ein femårsperiode, jf. sjølvkostforskrifta § 8. Dette er i tråd med generasjonsprinsippet i sjølvkost. Feie- og tilsynsgebyret kan difor ikkje nyttast til å finansiere andre delar av kommuneforvaltninga.
Frå 2024 skal det ikkje reknast meirverdiavgift på feie- og tilsynsgebyret. Dette går fram av ein prinsipputtale frå Skattedirektoratet, som legg til grunn at lovpålagd feiing og tilsyn er offentleg myndigheitsutøving. Tenesta fell dermed utanfor meirverdiavgiftslova, jf. § 3-9, og er unnateken avgiftsplikt.
Gjeldande lokal forskrift på området er forskrift 30. mars 2017 nr. 1373 om gebyr for feiing og tilsyn, Lom og Skjåk kommunar. Dette er ei felles forskrift for dei to kommunane. Mykje har skjedd på fagfeltet dei siste åra, og ei revidering av den lokale gebyrforskrifta blir no vurdert som nødvendig.
Forskrifta frå 2017 blir no føreslått oppheva for Skjåk kommune sin del, og erstatta av ei ny lokal forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Lom kommune gjennomfører ein tilsvarande prosess for sin del, slik at dei to kommunane får kvar si forskrift med same innhald.
Forslag til ny forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg
Forskriftsforslaget er meir presist enn den gjeldande lokale gebyrforskrifta. Bakgrunnen er mellom anna at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har uttalt at heimelen kommunen har, er avgrensa til å gebyrleggje feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Kommunen kan difor ikkje bruke gebyrforskrifta til å utdjupe føresegner om gjennomføringa av feiing og tilsyn, eller til å fremje det brannførebyggjande arbeidet. Har kommunen behov for å utdjupe eller stille saman reglar, eller ønskjer å fremje det brannførebyggjande arbeidet, bør det gjerast gjennom ordinært rettleiingsarbeid.
I forslaget til ny feie- og tilsynsforskrift er det lagt opp til at eigaren av eit byggverk med eitt eller fleire fyringsanlegg skal betale eit årleg gebyr for feie- og tilsynstenesta, uavhengig av om fyringsanlegget er i regelmessig bruk eller ikkje. Gebyret blir kravd inn per eigedom. Med eit årleg gebyr sikrar kommunen ei føreseieleg inntekt, og gebyra kan haldast jamnare over tid. Alternativet er å ta betalt etter faktisk utført feiing eller tilsyn. Det alternativet gjev større variasjon i gebyrinntektene frå år til år, og abonnentane må betale eit større beløp kvar gong feiaren har vore på besøk.
Det er kommunestyret som kvart år fastset gebyrsatsane i budsjettvedtaket. Gebyret blir ilagt uavhengig av om det faktisk er utført feiing eller tilsyn det enkelte året. Lovlegheita kring dette er mellom anna presisert i Frostating lagmannsrett si avgjerd (LF-2023-104673) der det kjem fram at: «Det er også adgang til å kreve gebyr fra en eier de årene kommunen ikke gjennomfører feiing og/eller tilsyn hos vedkommende.»
Forskrifta er skriven på ein fleksibel måte, slik at kommunen gjennom dei årlege budsjettvedtaka kan differensiere gebyra ut frå den behovsprøvde frekvensen for høvesvis feiing og tilsyn på den enkelte eigedommen. Forskrifta avgjer dermed ikkje om kommunen skal ha same gebyrsats for alle, eller om satsane skal variere med kor ofte tiltaka blir gjennomførte, kva slags fyringsanlegg det er, bygningstype eller liknande. Det går fram av det årlege budsjettvedtaket (gebyrregulativet) til kommunestyret.
For å få fritak frå gebyrplikta må kommunen godkjenne ein skriftleg søknad om at fyringsanlegget er fråkopla og at skorstein eller røykrøyr er blenda. Eigaren pliktar å dokumentere at fråkoplinga og blendinga er utførd på ein tilfredsstillande måte.
Dersom eigaren av eigedommen ikkje er til stades, eller forholda ikkje er lagde til rette for tilsyn eller forsvarleg feiing, fører det til at feiaren må kome tilbake til eigedommen ved eit seinare høve. Dette er ein vesentleg tidstjuv for organiseringa av tenesta, og eit eige gebyr knytt til bomturar er føreslått som eit verkemiddel for å redusere omfanget. Gebyret for bomtur, som i forskrifta er kalla «ekstra gebyr», må svare til dei gjennomsnittlege faktiske kostnadene ved meirarbeidet. Gebyret kan ikkje innehalde eit element av straff. Satsen går fram av gebyrregulativet til kommunen.
Det er meininga at den nye forskrifta for Skjåk kommune skal gjelde frå 1. januar 2027. Før det må forskrifta ut på høyring og vedtakast av kommunestyret. Etter vedtaket blir forskrifta kunngjord i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova § 38.
Arbeidsgruppa
Forslaget til ny forskrift for feiing og tilsyn er utarbeidd av Lom og Skjåk brannvesen. Momentum by Visma har vore sparringspartnar.
Målet med arbeidet har vore å lage ei forskrift som er rettferdig, tydeleg og fleksibel.
Rettferdig: Gebyra skal spegle kostnadsnivået til dei ulike abonnentgruppene på best mogleg måte.
Tydeleg: Forskrifta skal vere lett å lese og handheve, med klart og forståeleg språk utan uklare eller vanskelege formuleringar.
Fleksibel: Forskrifta viser til dei årlege budsjettvedtaka for storleiken på gebyra, talet på betalingsterminar og eventuell differensiering av gebyret.
Skjåk kommune ser fram til å få høyringssvar.
Skjåk, 22.10.2026
Vedlegg