Høyring og offentleg ettersyn av forskrift om endring av forskrift om opning av jakt og fastsetting av minsteareal for elg, hjort og rådyr og fastsetting av fellingsavgifter for elg og hjort, Skjåk kommune, Innlandet

Høyringsfrist 1. november, 2026. Send høyringssvar til: post@skjaak.kommune.no eller til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk.

I den nye viltressurslova er det lagt inn forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26). I den gamle viltlova var ikkje restlysforstekande og termiske siktemiddel omtalt, slike siktemiddel har derfor gradvis blitt meir brukt ettersom teknologien har vorte lettare tilgjengeleg og rimelegare. I Skjåk har vi også opplysningar om at eit stort tal hjort vart felt ved bruk av termiske siktemiddel sist haust.

Ei av endringane i jaktutøvingsforskrifta er at kommunane har fått heimel til å fastsetje forskrift som opnar for restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng (§ 29a., 4. ledd). Heimelen gjeld for å avverge alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som fylgje av høg bestandstorleik.

Om ein skal klare å reduserer hjortebestanden ned til målet må ein auke avskytinga. Dei siste åra har det vore tildelt 360 hjorteløyve årleg i Skjåk kommune. Rettshaverane har derfor ei romsleg kvote. Jakttida er lang og for store delar av kommunen ser det ut til at jakttida er godt utnytta i forhald til når det er bra med hjort tilgjengeleg (ulike delar av kommunen har høg bestandstettleik til ulike tider som fylgje av sesongmessige trekk). Kommunen har heller ikkje stor påverknad når det gjeld å utnytte jakttida. Det er vanskeleg å finne aktuelle forvaltningsmessige grep for å auke avskytinga som kan gje tilsvarande effektivitet som restlysforsterkande og termiske siktemiddel. 

Skjåk kommune har sendt på høyring ei endringsforskrift med to nye §§: (sjå nærmare omtale i vedlagte saksprotokoll):

§ 4. Opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel til hjortejakt i Skjåk kommune. Det er opna for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng, i Skjåk kommune.

§ 5. Rapporteringsplikt for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel. Jeger som feller hjort ved bruk av restlysforsterkande eller termiske siktemiddel skal rapportere dette i hjorteviltregisteret.

Høyringsfrist 1. november, 2026

Send høyringssvar til: post@skjaak.kommune.no eller til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk

Vedlegg til høyringa: