Jan Randen - Skjåkprisvinnar 2026

Jan Randen er vinnar av årets Skjåkpris for 2026. Både Skjåkprisen og kulturstipend vart delt ut i Marlo grendehus laurdag (7.november) kveld.

Retningsliner for tildeling av kommunal pris i Skjåk

Prisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har hatt stor betydning for kommunen, og har sett Skjåk namnet i fokus på ein positiv måte. (Føremål)

Prisen skal delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder i Skjåk kommune eller som på annan måte har tilknyting til kommunen. 

Prisen kan tildelast innanfor desse områda: 

  • Kunst og kultur 
  • Idrett og fritid
  • Handverk og industri
  • Natur- og miljøforvaltning
  • Samfunnsengasjement
  • Næringsliv

Formannskapet har veklagt vedvarane engasjement og frivillig arbeid over år. Årets prisvinnar er innom fleire av kategoriane.

Sosial samhaldskoordinator

Ingen, absolutt ingen her i regionen har som denne personen skapt engasjement, møteplassar og samla så mykje menneskjer på tvers av alder, sosial status og geografisk tilhøyr som denne personen. Skapt samhold på tvers av kommunegrenser. Ein person som har fått oss til å engasjere oss for noko mange av oss ikkje viste vi hadde interesse av.  Detta er ein luring med glimt i auga. 

Alt rundt det han er skapt over så mange år er positivt og samlande, har vist ei framifrå evne til å engasjere folk og skape samhald og dugnadsånd over lang tid, faktisk i 35 år. Vi kan takke han for stor verdiskaping i både Lom og Skjåk i alle desse åra. Han er kanskje medskuldig i at Skjåk er ei av dei kommunane som statistisk sett har eldste bilparken i Norge. Sjølv om han har overlatt roret til yngre krefter, er han framleis med og er primus motor og speaker.

Han har vore leiar i Skjåk idrettslag, har 3 døtre og to barnebarn, har vore bilselgar i 49 år og er Flåklypageneral.

Flåklypaløpet 

Flåklypaløpet har røter i Jotunheimen Veterankøyretøyklubb, som vart skipa i 1991. Medlemmene ville lage eit veteranbilløp med lokal forankring i Lom, og valet fall naturleg på namnet Flåklypa Grand Prix. For å få bruke namnet og figurane måtte dei spørje Kjell Aukrust, som gav løyve etter at han hadde rådført seg med Solan og Ludvig.

Ludvig sa ja på eitt vilkår: Det skulle vere forbode å råkøyre over eigedomen til Aukrust i Flåklypa med radialdekk. Dermed var både namn og den gode Aukrust-humoren på plass.

Det første Flåklypaløpet gjekk siste laurdagen i mai, ein tradisjon som framleis held stand. Ivo Caprino kom til Lom med Il Tempo Gigante, som fekk startnummer 1. Heile 122 køyretøy stilte til start.

Frå å vere ein lokal idé har Flåklypaløpet i Lom og Skjåk vakse til å bli eit av dei største og mest kjende veteranbilløpa i landet. Særleg viktig er det at fleire av eldsjelene frå starten i 1991 framleis er med og arrangerer løpet, slik at både historia, dugnadsånda og tradisjonane lever vidare.

Tekst: Edel Kveen. 

bilde av årets skjåkprisvinnar Jarle randen - Klikk for stort bildeOrdførar Edel Kveen overrekte Skjåkprisen til Jan Randen Elias Sperstad

Foto: Elias Sperstad