Kampen om skulen – før og no

Skjåk folkebibliotek inviterer til ein kveld med skulehistorie, gode historier og refleksjonar om framtida tysdag 17. november kl. 19.00.

Skjåk folkebibliotek

Hanna Gjeilo Skjåkødegård, Sondre Bøye, Ivar Teigum, Elias Sperstad, Svein Wassæther og Kristen Haugen Dagsgard er med

Kampen for å sikre skulen sin plass i bygda er ikkje ny. I år er det 60 år sidan Skjåk fekk sin eigen ungdomsskule etter ein lokal kamp der bygdefolk engasjerte seg. Ein av dei mest aktive var Jan-Magnus Bruheim. Med arrangementet «Kampen om skulen – før og no» ser vi tilbake på kampen for å etablere ungdomsskulen i Skjåk, samstundes som vi trekkjer linjer til den nyare kampen for å bevare og utvikle det vidaregåande skuletilbodet i Lom. 

Tilbakeblikk på skulehistoria
Ivar Teigum fortel om skulesaka og arbeidet som førte fram til etableringa av ungdomsskulen i Skjåk i 1966. Publikum får høyre om engasjementet og argumenta bak eit viktig kapittel i bygdehistoria.

Dei første elevane deler minna sine
Elias Sperstad og Svein Wassæther, som begge gjekk i det første kullet ved ungdomsskulen, deler minne og historier frå dei første åra. Korleis var det å vere elev da skulen var ny?

Frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring
Hanna Gjeilo Skjåkødegård og Sondre Bøye deltek i ein samtale om likskapar og skilnader mellom kampen for ungdomsskulen i Skjåk på 1960-talet og kampen for det vidaregåande skuletilbodet i Lom i dag.

Kva betyr det for eit lokalsamfunn å ha skule- og utdanningstilbod i nærleiken? Korleis påverkar skulen busetjing, utvikling og framtidstru? Og kva kan vi lære av historia når bygdene våre skal møte framtida?

Varaordføraren rundar av
Avslutningsvis oppsummerer varaordførar Kristen Haugen Dagsgard kvelden og seier noko om kva skulane har hatt å seie for bygdene våre, og kva dei kan bety framover.

Rolv Kristen Øygard er programvert. Arrangementet er eit samarbeid mellom Skjåk folkebibliotek og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim.

 

Gutar på ungdomsskulen i Marlo knyter teppe - Klikk for stort bildeGutar på ungdomsskulen i Marlo knyter teppe. Frå venstre: Amund Flækken, Elias Sperstad, Tor Bruland og Jarleif Haugen Skjåk Historielag/Gudbrandsdalsmusea