Kulturstipend 2026 til Margrethe Sperstad Kveen og Julie Forreløkken Forberg.

Formannskapet har i år valgt å tildele kvart sitt kulturstipendet på 10 000,- til to kandidatar som driv same idrett, som har hatt mage treningstimar og stemner saman. Både to har utmerka seg i sporten og er i drivande utvikling. Ein individuell sport, men desse to har nok hatt glede og støtte av kvarandre opp gjennom åra. Skjåk kommune gratulerer Margrethe Sperstad Kveen og Julie Forreløkken Forberg.

Kulturstipend 2026

Siktemålet med stipendet er i fyrste rekkje å hjelpe fram personar med særskilde evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. 

Dei fyrste åra var det relativt velvaksne folk som var tildelt kulturstipend. Dei siste åra har det vore ungdom med talent og interesse som har lagt ned ein ekstra innsats på sitt felt. Kulturstipendet på kr 10 000,- ynskjer vi skal vera ei hjelp og ein motivasjon til å satse vidare på sitt felt.

Årets tildelte har lagt uendeleg mykje ressurser og lange dager på trening. Det har vore fine turar, kalde, sure treningstimar, oppturar og nedturar. Sosialt og kanskje av og til litt einsleg. Men mest av alt glede, engasjement og ein utretteleg trening på detaljer. Idretten krev at du er gald i dyr og kan ta i eit tak. 

Margrethe  Sperstad Kveen 

Margrethe Sperstad Kveen har vore svært glad i hest heilt sidan ho var lita jente, og interessa har berre vakse med åra. Ho har ridd i mange år, men då ho vart kjend med Julie, dottera på Fjelleventyret, fekk ho augo opp for islandshesten og konkurranseriding innan denne sportsgrena.

Dei to bestemte seg for å prøve seg i konkurranse, sjølv om dei mangla både erfaring og kjennskap til miljøet.

Uredde og fulle av pågangsmot stilte dei til start, og fekk ein flying start med mykje lærdom i bagasjen på vegen heim. Etter dette vart interessa berre sterkare.

Ugla er ein hest Margrethe raskt fekk eit særleg godt band til. Det var denne hesten ho byrja å konkurrere med, og det var lett å sjå den gode kjemien mellom ryttar og hest. Saman utvikla dei seg jamt og sikkert.

Etter om lag eitt års opphald frå både konkurransar og riding, gjorde Margrethe comeback på konkurransebana våren 2025. Då stilte ho igjen til start med Ugla, no som eigar av hesten. Sidan den gong har ekvipasjen levert svært gode resultat, med fleire klassesigrar og plasseringar heilt i toppen. Margrethe rir i dag på nivå med dei beste i sin aldersklasse innan sporten.

Margrethe og Ugla er eit sterkt tospann som arbeider målretta mot stadig nye mål, sigrar og gode plasseringar. Som elev ved Storsteigen, med det sterke hestemiljøet som finst der, ligg forholda godt til rette for vidare utvikling og nye suksessar i åra som kjem.

Julie Forreløkken Forberg

Julie har som Margrethe hatt den store hesteinteressa frå ho var lita. Og har utvikla seg til habil rytter. 

Sesongen 2026 gav fleire sterke resultat i både Midtnorsk Meisterskap, Norgesmeisterskapet og Nordisk Meisterskap. Med hesten Taktik oppnådde Julie finaleplassar og gode plasseringar i fleire disiplinar, og under Nordisk Meisterskap i Sverige vart ho tredje beste ungryttar i Norden, og har sølv i  Norgesmeisterskapet.

Målet er å kvalifisere seg til VM. Det er tøff konkurransen, men Julie er motivert for hardt arbeid og tek med seg lærdom frå årets sesong. Som 15-åring har ho allereie vunne sju norgesmeisterskap, vore kombinasjonsvinnar i både firegang og femgang, og fått plass på landslaget. 

Med ny ridebane på garden ønskjer Julie å bidra til eit aktivt hestemiljø og inspirere fleire barn og unge til å bli ein del av islandshestsporten. Gjennom sporten har Julie fått oppleve sterke fellesskap og verdifulle erfaringar i Noreg, Sverige, Danmark og Island.

bilde av kulturstipendvinnare 2026 - Klikk for stort bildeOrdførar Edel Kveen overrekte årets kulturstipend til Julie Forreløkken Forberg og Margrethe Sperstad Kveen. Elias Sperstad