Kva meiner skjåkverane? Dette har kome fram så langt i arbeidet med ny samfunnsplan

Skjåk kommune er godt i gang med arbeidet med ny samfunnsplan. Gjennom grendemøte rundt om i kommunen har innbyggjarar i alle aldrar delt synspunkt, idear og ønskje for korleis Skjåk skal utvikle seg i åra framover. Onsdag 14. oktober blir det siste grendemøtet (Øygard skule kl.19.00-20.30) i denne runden med medverking.

Engasjementet har vore stort, og sjølv om det er ulike perspektiv og prioriteringar, kjem det fram fleire tydelege fellesnemnarar.

Innspela frå grendemøta på Bjørkås, Dønfoss, Gjeilo skule, Marlo og Moar viser at skjåkverane er opptekne av å ta vare på det som fungerer godt i dag, samstundes som dei ønskjer utvikling på fleire viktige område. 

Skjåk - eit godt lokalsamfunn å leve i

Den kanskje tydelegaste tilbakemeldinga er at folk trivst i Skjåk. Innbyggjarane peikar på gode oppvekstvilkår, nærleik til naturen, sterke frivillige lag og organisasjonar, eit rikt aktivitetstilbod og gode kommunale tenester som viktige kvalitetar ved kommunen. Biblioteket, frivilligsentralen, treningssenteret, dagsturhytta og flaumvollen blir nemnde som viktige møteplassar og tilbod. 

Samtidig kjem det fram at fellesskap ikkje kan takast for gitt. Mange peikar på kor viktig det er at folk tek ansvar for kvarandre, inviterer nye innbyggjarar inn i miljøa og bidreg til å skape inkluderande møteplassar. Det blir også etterlyst fleire lågterskeltilbod og møteplassar for ungdom og andre som ikkje nødvendigvis finn sin plass i dei tradisjonelle organisasjonane. 

Bustader er ei av dei største utfordringane

Behovet for fleire bustader går igjen i nesten alle grendemøta. Det blir peikt på mangel på leigebustader for ungdom, bustader for tilflyttarar, sentrumsnære leilegheiter og mindre bustader til eldre som ønskjer å flytte frå større hus. Mange meiner at bustadutvikling er avgjerande for å sikre både tilflytting og rekruttering av arbeidskraft. 

Fleire trekkjer også fram at mange bustader står tomme store delar av året eller blir nytta som fritidsbustader. Det blir etterlyst løysingar som kan få fleire bustader ut på marknaden, og fleire peikar på behovet for strengare handheving av konsesjonsreglane og betre tilgang til småbruk for unge som ønskjer å etablere seg. 

Gode helse- og omsorgstenester er viktig

Innbyggjarane gir gjennomgåande positive tilbakemeldingar på helse- og omsorgstenestene i kommunen. God legedekning, eit godt ungdomstilbod innan helse og gode tenester gjennom helsestasjonen blir trekte fram som styrkar. 

Samtidig er det eit sterkt fokus på korleis kommunen kan møte behova til ei aldrande befolkning. Mange ønskjer fleire bustader som gjer det mogleg å bu trygt og sjølvstendig lengst mogleg, og fleire peikar på behovet for betre transportløysingar, aktivitetstilbod og tilgjengelege uteområde for eldre. Forslaget om ei tilrettelagd "grøn lunge" mellom Skjåkheimen og Gamleheimstrædet er eitt av fleire konkrete innspel som har kome fram. 

Arbeidsplassar og rekruttering

Tilgang på arbeid og moglegheiter for næringsutvikling blir løfta fram som ein nøkkel til vidare vekst i kommunen. Innbyggjarane peikar på at gode bustader, eit godt oppvekstmiljø og eit aktivt lokalsamfunn er viktige føresetnader for å tiltrekkje og behalde arbeidskraft. 

Det blir også peikt på behovet for lærlingplassar, sommarjobbar og ordningar som gjer det enklare for ungdom å få arbeidsrøynsle. Fleire framhevar betydninga av kontorfellesskap, støtte til gründerar og gode løysingar for fjernarbeid som viktige tiltak i framtida. Innbyggjarane understrekar også kor viktig det er at nye innbyggjarar blir godt tekne imot og inkluderte i lokalsamfunnet. 

Sterk vilje til å ta vare på Skjåk-sjela

Kultur, identitet og tradisjonar står sterkt i innspela. Mange trekkjer fram dialekta, matkulturen, tradisjonshandverk, folkemusikken, jakt- og fiskekulturen, vatningsanlegga og dei lokale historiene som viktige verdiar å ta vare på. Skuleprosjekt som Skjåkveka blir framheva som gode tiltak for å styrkje identitet og tilhøyrsle blant barn og unge. 

Biblioteket blir også omtala som ein av dei viktigaste møteplassane i kommunen, medan fleire meiner at kulturarven må nyttast aktivt som ein ressurs i utviklinga av framtidas Skjåk. 

Ønske om levande sentrum og gode møteplassar

Fleire innspel handlar om utvikling av sentrum og nærmiljø. Innbyggjarane ønskjer meir liv i sentrum, betre trafikktryggleik, fleire grøntområde, betre skilting og universell utforming. Nokre peikar på behovet for ei sentrumsgruppe som kan arbeide med utvikling og trivsel i sentrum, medan andre ønskjer fleire leike- og møteplassar for ulike aldersgrupper. 

Kva skjer vidare?

Innspela frå grendemøta på Bjørkås, Dønfoss, Gjeilo, Marlo og Moar gir eit viktig grunnlag for arbeidet med ny samfunnsplan.

Onsdag 14. oktober i Øygard skule blir det siste grendemøtet i denne runden med medverking. Deretter inviterer kommunen til eit eige møte for lag og organisasjonar 27. oktober i Skjåkhallen. Vi håpar mange nyttar høvet til å møte opp og bidra med synspunkt, erfaringar og idear for framtida i Skjåk.

Dersom du ikkje har hatt høve til å delta på eit av møta, eller kjem på innspel du ønskjer å dele i etterkant, kan du svare på den digitale spørjeundersøkinga som ligg på heimesida til kommunen og vedlagt her i artikkel. Undersøkinga vil vere open fram til 10. november, og alle innspel som kjem inn vil bli tekne med i det vidare arbeidet.

Sjølv om det har kome fram mange ulike tema gjennom medverkinga, peikar innbyggjarane i stor grad i same retning. Eit gjennomgåande ønskje er at Skjåk skal vere ein god stad å leve gjennom heile livet, med gode tenester, attraktive bustader, sterke fellesskap, levande grender, trygge arbeidsplassar og ein kulturarv vi kan vere stolte av.

Når medverknadsrunden er avslutta, vil kommunen arbeide vidare med å systematisere og analysere alle innspela. Desse vil danne grunnlaget for mål og strategiar i den nye samfunnsplanen, som skal vise retninga for utviklinga av Skjåk i åra som kjem.

Vi vil rette ein stor takk til alle som har delteke så langt. Det sterke engasjementet viser at skjåkværane bryr seg om lokalsamfunnet sitt og ønskjer å vere med og forme framtidas Skjåk. Alle innspel er viktige, og vi oppmodar derfor alle om å nytte dei siste moglegheitene til å seie si meining. Saman legg vi grunnlaget for framtida i Skjåk.

Spørjeundersøking samfunnsplan