Lesing er den beste sommartreninga! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Lesing er den beste sommartreninga!

Det er kjempeviktig at barn les også om sommaren, slik at dei unngår det ein kallar «sommartap» – at dei gløymer noko av det dei har lært i løpet av skuleåret. Ved å halde lesinga ved like, får dei ein jamnare og lettare start når skulen tek til att til hausten.

Bilete av fire jentar og to gutar som syner fram kvar si bok - Klikk for stort bildeEi klar oppmoding frå unge skjåkværar: Vi er med på Sommarles – bli med du òg! Framme: Konstanse, Erle, Alma og Yeva. Bak: Kristian og Odin Skjåk folkebibliotek

Det er framleis mogleg å melde seg på Sommarles

Kva er Sommarles?

Sommarles er ein digital, nasjonal lesekampanje for deg som går i 1.–7. klasse. Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips og løyser oppgåver.

Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med lesekort. Spør oss på biblioteket.

All lesing tel!

Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker og teikneseriar – eller bli lesen høgt for. All lesing tel!

For kvar bok du registrerer, får du XP (poeng) og går opp i level. Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket gjennom sommaren.

Trylleshow

I september blir det avslutningsfest for alle som har vore med. Då blir det trekt ein heldig vinnar av hovudpremien – eit gåvekort på 1 000 kroner. Tryllekunstnaren Daniel Larsen står for underhaldninga.

Kom innom biblioteket! Her finn du bøker for alle – anten du drøymer om mysterium, humor, fantasy, dyr eller eventyr. Vi hjelper deg gjerne med å finne akkurat di neste favorittbok.