Skjåk barne- og ungdomsskule er vinnaren av årets MOT-team 2025/2026 i Innlandet, Buskerud og Østfold. Prisen vart delt ut på MOT si årlege landsdekkande samling i Stjørdal og vart motteke av rektor Sjur Lindby og MOT-coachane Elisabeth Jevnheim og Elin Skjåk Haugen.
Dette syner kor målretta og godt det blir jobba med MOT på skulen i Skjåk, og prisen er ein inspirasjon til å halde fram arbeidet.
Skulen har vore MOT-skule med programmet Robus ungdom i ei årrekke, og har dei siste åra utvida satsinga til å ta del i SUPER-programma for barneskulen, og det meir heilskaplege programmet Skulen som samfunnsbyggar. Hovedmålet med MOT-satsinga er å skape trygge klasserom der alle opplev tilhøyrsle og meistring.
Skjåk kommune