Klare til å ta imot barna
I veke 41 heldt barnehagen stengt medan dei tilsette arbeidde med flytting og førebuingar til opninga. Frå måndag 12. oktober er alt klart til å ta imot barna i dei nye lokala.
Lom og Skjåk helsestasjon flytta inn noko tidlegare og har allereie starta opp drifta i sine lokale. Både barnehagen og helsestasjonen treng litt tid til å finne seg til rette i nybygget.
Skjåk kommune
Under SOL-festivalen i veke 10 blir det invitert til open dag og omvising for alle som ønskjer å sjå dei nye lokala.
Eit bygg med naturen i sentrum
Nybygget er utvikla med utgangspunkt i prinsippa om inkluderande og biofilisk design. Målet har vore å skape trygge og sunne omgjevnader der alle kjenner seg velkomne, og der naturen er ein viktig del av opplevinga.
Eit samla oppvekstmiljø i Bismo
Med den nye barnehagen og helsestasjonen på plass er oppvekstklynga i Bismo sentrum komplett.
Her ligg barnehage, skule, kulturskule, bibliotek, helsestasjon, symjehall, idrettshall, utandørs idrettsanlegg, friviljugsentral og friluftsområde tett samla. Dette gjev gode moglegheiter for samarbeid på tvers av tenester og generasjonar, og legg til rette for eit levande oppvekstmiljø der læring, kultur, helse og aktivitet heng naturleg saman.
Skjåk kommune