Ny ungdomsklubb og ny ungdomskontakt - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Ny ungdomsklubb og ny ungdomskontakt

Ungdomsklubben i Skjåk startar opp att etter ei lengre pause. Det vil vere to klubbkveldar før sommaren, onsdagane den 3. juni og den 10. juni. Staden er sjølvsagt ungdommens hus på Skjåk friviljugsentral.

Ungdomsklubben i Skjåk

Ungdomsklubben i Skjåk startar opp att etter ei lengre pause. Ungdomsrådet har i fleire månader jobba med å planlegge korleis klubben skal vere og med å søkje midlar. Det vil vere to klubbkveldar før sommaren, onsdagane den 3. juni og den 10. juni. Båe kveldar får 18:30 til 21:30, og staden er sjølvsagt ungdommens hus på Skjåk friviljugsentral.

Ny ungdomskontakt

Magnus Lilleengen som til dagleg er lærar ved Lom og Skjåk kulturskule er engasjert som ungdomskontakt og boblar over med idear om kva for innhald klubben etter kvart kan få for at det skal bli ein triveleg, morosam og inkluderande arena for alle.

-   Det skjer altså så mykje bra i Skjåk. Kanskje vi burde introdusere ungdommane for det gjennom ungdomsklubben ved å gje dei ein liten smakebit som kan gjere at dei fattar interesse for noko dei ikkje har tenkt på før. Og tenk på alle dei fantastiske banda vi har i Lom og Skjåk kulturskule, og ikkje minst alle toraderspelarane der, om dei kanskje kan spele opp til konsert eller dans på klubben. Vi må prøve oss fram og finne ut kva som vil vere bra, seier ein som alltid ivrig Magnus. 

Magnus kan også røpe at ungdomsrådet og han håper å kunne invitere ungdommane til grilling på andre klubbkvelden.

-   Tenk så mykje god mat vi har her i Skjåk, det er viktig at ungdommane får augo opp for det også! Kanskje vi kan finne på noko litt spenstig å ha på grillen denne kvelden, så sant det ikkje blir skitvêr da.

Shuffleboard-turnering og pizzaservering 3. juni

Den aller fyrste klubbkvelden den 3. juni blir det pizzaservering til alle, passeleg med smågodt og ikkje minst shuffleboard-turnering sidan ungdomsrådet har kjøpt inn eit flunka nytt shuffleboard på heile 3,5 meter.

Leiar i ungdomsrådet i Skjåk, Hedda Stensgård Hånsnar og nestleiar Frøya Staurust Eiesar fortel at dei har fått inn heile 60.000 kroner i midlar, og desse skal brukast til mat, aktivitetar og innkjøp av utstyr til ungdomsklubben.  

Hedda og Frøya opplyser at ungdomsklubben er for dei elevane som nå går i 7. klasse og opp til og med 17 år.

Frå venstre Martine Teigen, Frøya Staurust Eiesar, Magnus Lillengen og Hedda Stensgård Hånsnar. Skjåk kommune

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Kommunalsjef, Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00