Nytt tilskot til aldersvennleg oppgradering av bustad

Er du 62 år eller eldre og ønskjer å gjere bustaden tryggare og enklare å bu i? No kan du søkje Husbanken om tilskot til aldersvennleg oppgradering av bustaden.

Tilskotet skal bidra til at fleire kan bu trygt heime lenger. Ordninga gjeld varige tiltak som gjer bustaden meir tilgjengeleg og betre tilpassa behova du kan få når du blir eldre.

Du kan mellom anna søkje om støtte til trinnfri inngang, tilpassing av bad, fjerning av tersklar og nivåforskjellar, betre belysning, støttehandtak og rekkverk.

Tilskotet kan dekkje inntil 25 prosent av kostnadene, med maksimalt 75 000 kroner. Tiltaka du søkjer støtte til, må koste minst 40 000 kroner.

Hugs å søkje før du startar

Du må søkje om tilskot før arbeidet startar. Før du søkjer, må du også hente inn eit spesifisert pristilbod eller kostnadsoverslag frå ein handverkar.

Søknadsfristen er 30. oktober 2026.

Vi har samla meir informasjon om ordninga, kven som kan søkje og kva du kan få tilskot til på nettsida vår.

Les meir om tilskot til aldersvennleg oppgradering av bustad