Offisiell opning av det nye oppvekstbygget i Skjåk

Torsdag 22. oktober vart det nye oppvekstbygget i Skjåk offisielt opna. Bygget husar Skjåkspira barnehage og Lom og Skjåk helsestasjon, og samlar viktige tenester for barn og familiar under same tak.

Bilde frå opninga av Skjåk sitt nye oppvekstbygg - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Ordførar Edel Kveen stod for den offisielle opninga av det nye bygget. Markeringa baud også på underhaldning ved Mari Midtli, Vegard Moshagen og barna i barnehagen.

Dei frammøtte fekk høve til å bli betre kjende med dei nye lokala gjennom omvising i både barnehagen og helsestasjonen.

For dei som ønskjer å sjå det nye bygget, blir det også arrangert open dag under SOLfestivalen neste år. Då får alle interesserte høve til å kome innom og gjere seg kjende med det nye bygget.

Det nye oppvekstbygget legg til rette for eit godt tilbod til barn og familiar i Skjåk. Med barnehage og helsestasjon samla i eitt bygg er målet å skape gode rammer for både trivsel, utvikling og samarbeid mellom tenestene.

Eit viktig bygg for framtida

I opningstala la ordførar Edel Kveen vekt på at det nye oppvekstbygget er ei viktig investering i barn, familiar og framtida til Skjåk. Ordføraren trekte fram den lange prosessen fram mot ferdigstillinga, og takka både tilsette og familiar for tolmodet gjennom fleire år med mellombelse løysingar.

Ho understreka også betydninga av å samle barnehagen og helsestasjonen i eitt bygg. Dette legg til rette for tettare samarbeid mellom tenestene og eit godt tilbod til barn og familiar.

Bygget er utforma med vekt på naturlege materialar, lys og gode omgjevnader for både barn og tilsette. Ordføraren framheva dessutan god planlegging og økonomisk styring i prosjektet.

– Dette bygget er eit resultat av framtidstru, samarbeid og vilje til å investere i det som betyr aller mest. Nemleg barna våre, sa ordføraren i avslutninga av talen.

Som eit symbol på ei ny tid for tenestene vart den tradisjonelle snorklippinga erstatta med ei snorknyting. Leiarane for barnehagen og helsestasjonen knytte snora saman for å markere eit tettare samarbeid mellom tenestene.

KORT OM NYBYGGET

Bygget er utvikla med utgangspunkt i prinsippa om inkluderande og biofilisk design. Målet er å skape trygge og sunne omgjevnader der alle kjenner seg velkomne, og der naturen er ein aktiv del av opplevinga.

Det nye bygget gjer oppvekstklynga i Bismo sentrum komplett. Her ligg barnehage, skule, kulturskule, bibliotek, helsestasjon, symjehall, idrettshall, utandørs idrettsanlegg, friviljugsentral og friluftsområde tett i tett.

Dette gjev unike moglegheiter for samarbeid på tvers av tenester og generasjonar, og skaper eit levande oppvekstmiljø der læring, kultur, helse og aktivitet heng naturleg saman.

bilde av Skjåkspira barnehage og Lom og Skjåk helsestasjon - Klikk for stort bildeSkjåkspira barnehage og Lom og Skjåk helsestasjon Skjåk kommune