Omkøyring til Blåbærmyra frå 22. september

Frå tysdag 22. september blir det grunnarbeid og legging av nytt dekke ved krysset i Bispevegen. Arbeidet fører til omkøyring.

Frå tysdag 22. september blir det grunnarbeid og legging av nytt dekke ved krysset i Bispevegen. Arbeidet fører til omkøyring til Blåbærmyra. Avkøyringa til Blåbærmyra vil vere stengd i store delar av anleggsperioden. Tilkomst til Blåbærmyra blir via Strandvegen.

Det er sendt ut informasjon til dei som blir råka av arbeidet gjennom Varsling 24.

Vi ber trafikantane følgje skiltinga på staden og vise omsyn medan arbeidet går føre seg.

skjermdump frå kart - Klikk for stort bilde skjermdump frå kart