Passbussen kjem til LomDet mobile pass- og ID-kontoret kjem til Lom i oktober, og du kan bestille time allereie no.PassbussenMobilt pass- og ID-kontor (passbuss) er ein bil som køyrer mellom ulike stoppestader over heile Noreg. Bilen har utstyr som gjer at du kan søkje om pass og nasjonalt ID-kort.I Lom vil passbussen stå ved Lom politistasjon, Stupulvegen 3, 2686 LomTidspunkt14. oktober kl. 08:00-15:3015. oktober kl. 08:00-15:30Kva må du ha med?Det førre passet dittAlle som søkjer om nytt pass eller nasjonalt ID-kort, må ha med det førre passet og/eller ID-kortet, sjølv om det er utgått. Når du søkjer om nytt pass, skal det gamle makulerast.Eit batalingsmiddel. Det er ikkje mogleg å betale med Vipps eller faktura. Les heile hugselista inne på Politiet sine siderBestille timeEin må bestille time hjå passbussen på førehand. Det gjer du gjennom denne lenka Timebestilling Sist endret 14.09.2026 09.15