Planprogram for Rv. 15 ny Strynefjellstunell med arm til Geiranger samt planprogram for Rv. 15 ny Strynefjellstunell masselager er fastsett.
Knytt til ny tunell langs Rv15 over Strynefjellet, går det føre seg arbeid med to kommunedelplanar; Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger (planid. 34330010) og Kommunedelplan for RV.15 Strynefjellet, masselager i Skjåk kommune for tunnelmasse (planid. 34330011). Begge planane er omfatta av krav til konsekvensutgreiing. Dei skal også ha planprogram. Eit planprogram er ei slags oppskrift for planarbeidet, som mellom anna seier noko om korleis planarbeidet skal gå føre seg og kva som skal utgreiast.
Båe planprogramma vart handsama og fastsett i Skjåk kommunestyre 18. juni 2026, i høvesvis sak nr. 2026/40 (RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger – fastsetting av planprogram) og 2026/39 (Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger – kommunedelplan for masselager i Skjåk kommune – fastsetting av planprogram).
Under finn du dokument for båe planprogram.
Kommunedelplan for Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger (planid. 34330010)
Kommunedelplan for RV.15 Strynefjellet, masselager i Skjåk kommune for tunnelmasse (planid. 34330011)
- Innspel samanfatta - masselager Skjåk kommune (PDF, 4 MB)
- Oversendingsbrev Planprogram Rv15 Strynefjellet (PDF, 452 kB)
- Planprogram masselager i Skjåk kommune 01072026 (PDF, 3 MB)
- Saksprotokoll Rv_15 Strynefjellet med arm til Geiranger - kommunedelplan for masselager i Skjåk kommune - fastsetting av planprogram (PDF, 146 kB)
- Skjåk kommune si uttale ved oppstart Rv 15 Strynefjellet (PDF, 3 MB)
- Område 1_Hamseviki (PDF, 3 MB)
- Område 2_Grotli (PDF, 822 kB)
- Område 3_Billingen (PDF, 815 kB)
- Område 4_Framruste (PDF, 784 kB)
- Område 5_Kleivholet (PDF, 619 kB)
- Område 6_Kuhølgruva (PDF, 742 kB)