Vassingsavgrensingane handlar om tryggleiken til heile Bismo. Vassingsavgrensingane er ikkje innførte for å vere til bry for folk. Dei er innførte fordi kommunen har ansvar for å sikre ei stabil og trygg vassforsyning til alle som er knytte til vassverket.
Risiko for at høgdebassenget blir tømt
Når mange brukar store mengder vatn til plenvatning samstundes, aukar belastninga på vassforsyninga betydeleg. Dersom forbruket blir høgare enn det systemet klarer å produsere og pumpe vidare, kan nivået i høgdebassenget bli kritisk lågt.
Dersom høgdebassenget skulle bli tømt, kan konsekvensane bli alvorlege. Då handlar det ikkje lenger om grøne plenar, men om tilgang på drikkevatn til innbyggjarar, Skjåkheimen, næringsverksemd, offentlege bygg og beredskap ved brann eller andre hendingar.
Kommunen kan ikkje ta sjansen på å kome i ein slik situasjon. Difor må vi setje inn førebyggjande tiltak før problemet oppstår.
Plenvatning krev svært store vassmengder
Mange er ikkje klar over kor mykje vatn som går med til plen- og hagevatning.
Ein vasspreiar som står på nokre timar kan bruke fleire tusen liter vatn. Dette er ikkje «gratis vatn» frå ei elv eller ein bekk. Det er reinsa drikkevatn som først er henta opp frå grunnvasskjelder ved Ottaelva, deretter reinska og desinfisert med UV-behandling før det blir pumpa vidare gjennom leidningsnettet.
Når slike store mengder vatn blir brukte til plenvatning, legg det press på heile systemet – frå vasskjelda og vassverket til pumper, leidningsnett og høgdebasseng.
Eit større høgdebasseng er ikkje ei enkel løysing
Nokre har peika på at kommunen berre bør byggje eit større høgdebasseng. Utfordringa er dessverre meir samansett enn det.
Kapasiteten i eit vassanlegg blir bestemt av fleire forhold:
- uttakskapasiteten ved vasskjelda
- kapasiteten ved vassverket
- rensekapasiteten
- pumpekapasiteten
- overføringskapasiteten i leidningsnettet
- lagringskapasiteten i høgdebassenget
Eit større basseng åleine vil ikkje løyse utfordringa dersom flaskehalsen ligg andre stader i systemet. Derfor må kommunen arbeide med heile forsyningskjeda når framtidige investeringar skal vurderast.
Kostnadene blir fordelte på alle
Ein annan side ved saka er økonomien.
Vatn- og avløpssektoren i kommunen blir driven etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at utgiftene til drift, vedlikehald og investeringar blir dekte gjennom gebyra abonnentane betaler.
Når store mengder ferdig reinska drikkevatn blir brukte til plenvatning, aukar kostnadene. Dersom det krev større investeringar for å handtere høge toppbelastningar som i hovudsak skuldast hagevatning, vil rekninga i siste instans bli fordelt på alle abonnentane.
Med andre ord: Kostnadene blir ikkje berre borne av dei som brukar mest vatn. Dei blir delte av fellesskapet.
Vi byggjer for framtida – men må ta ansvar i dag
Skjåk kommune arbeider med løysingar for reservevassforsyning som skal styrkje beredskapen og gjere oss mindre sårbare i framtida. Dette er omfattande prosjekt som krev både planlegging, finansiering og utbygging, og dei vil ikkje vere på plass før om tidlegast eit år.
Fram til desse løysingane er på plass, må vi forvalte den kapasiteten vi har på ein ansvarleg måte.
Vassingsavgrensingane er derfor eit nødvendig beredskapstiltak. Målet er å sikre at alle innbyggjarar har tilgang på reint og trygt drikkevatn, og at kommunen kan oppretthalde viktige samfunnsfunksjonar også i periodar med høgt forbruk.
Vi vil takke innbyggjarane for forståing og samarbeid. Når vi reduserer unødvendig forbruk i periodar med høg belastning, bidreg vi alle til å sikre ei trygg vassforsyning for heile lokalsamfunnet.
Roger Johansen
Kommunalsjef miljø- og samfunnsutvikling
Skjåk kommune