Regionalt beredskapsråd: Kommunane si rolle i totalforsvaret - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Regionalt beredskapsråd: Kommunane si rolle i totalforsvaret

Kommunane i Nord-Gudbrandsdal møttest denne veka til regionalt beredskapsråd. Tema for samlinga var kommunane si rolle i totalforsvaret, og korleis ulike aktørar kan samarbeide best mogleg i ei krise.

På samlinga deltok representantar frå kommunane, naudetatane, Heimevernet, Sivilforsvaret, matleverandøren ASKO, radioamatørar og friviljuge organisasjonar gjennom FORF.

FORF står for Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum, og er eit samarbeid mellom fleire friviljuge organisasjonar som bidreg i rednings- og beredskapsarbeid i Norge. Organisasjonane stiller mellom anna med mannskap til søk og redning, transport og støtte i ulike beredskapssituasjonar.

Gjennom dagen vart deltakarane presenterte for fleire scenario som tok utgangspunkt i ulike krisesituasjonar. Desse vart nytta som grunnlag for diskusjonar og refleksjon kring korleis kommunane og beredskapsaktørane kan samarbeide dersom alvorlege hendingar oppstår.

Audun Glomseth, Heimevernet. - Klikk for stort bildeAudun Glomseth, Heimevernet. Lom kommune

Scenarioa vart presenterte av Audun Glomseth frå Heimevernet, og danna ei ramme for arbeidet gjennom heile dagen. Målet med samlinga var å styrkje forståinga av rollene til dei ulike aktørane i totalforsvaret, og bidra til betre samhandling i ein krisesituasjon.

Kommunane i Nord-Gudbrandsdal ynskjer å rette ein stor takk til alle foredragshaldarar, og ikkje minst dei friviljuge som tok seg tid til å delta og dele av sin kompetanse og erfaring.

Sentrale aktørar i regionalt beredskapsråd. - Klikk for stort bildeSentrale aktørar i regionalt beredskapsråd. Lom kommune