Sjukepleiar i heimesjukepleia

Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert team? Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med fokus på gode tenester, tverrfagleg samarbeid og moglegheit for å påverke eigen turnus.

Skjåk kommune har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. 

Stillinga er ledig frå dags dato

Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar-ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i fagsystem. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.

Kvalifikasjonar 

  • Godkjent sjukepleiar 
  • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert
  • Førarkort klasse B 
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du 

  • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag 
  • har erfaring frå liknande arbeid 
  • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert 
  • har evne til å arbeide sjølvstendig 
  • har gode samarbeidsevner 
  • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk 
  • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi

Vi tilbyr 

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • pensjonsordning i KLP
     

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. 

Søknadsfrist 15.11.2026

Elektronisk søknadsskjema 

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
 

Illustrasjonsbilde "Sats på Skjåk"

Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk.

Skjåk kommune er ei av kommunane som er omfatta av ordninga der ein kan søkje om å få sletta delar av studielån. 

Dronebilde av barne- og ungdomsskulen i Skjåk