Friskus aktivitetskalender
Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus. Målet er å samle alle aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag på ein stad, slik at det blir enklare for innbyggjarar å finne ut kva som skjer i kommunen. Aktivitetskalenderen finn du også integrert her på heimesida hjå Skjåk kommune.
For lag, foreiningar og arrangørar
Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn arrangement i kalenderen. På den måten blir aktivitetane synlege for fleire, og det blir enklare å nå ut til både deltakarar og frivillige.
Ønskjer å ta i bruk Friskus som arrangør?

Du treng først og fremst ein brukarkonto. For å opprette ein ny brukar for portalen i Skjåk må du gå inn på vedlagt lenke friskus.com. Vel Logg inn. Du finn Logg inn øvst til høgre på nett og i hovudmenyen øvst til venstre på mobil.
Det finst også fleire eigne brukarmanualar og rettleiingar inne i Friskus-portalen som viser korleis ein legg inn aktivitetar og administrerer kalenderen.
Ta gjerne kontakt med servicetorget i Skjåk kommune dersom du treng hjelp til å registrere organisasjonen din eller opprette brukar.
Les også om Friskus Innbyggermelding