SkjåkKveld 2026

Skjåk kommune og Skjåk Husflidslag ynskjer hjerteleg velkomen til Skjåk-kveld laurdag 7. november i Marlo grendehus, med utdeling av Skjåkpris og kulturstipend, og med rondastakk som tema,

SkjåkKveld 2026

På vegne av Skjåk kommune og Skjåk Husflidslag ynskjer hjerteleg velkomen til Skjåk-kveld med rondastakk som tema. I år er det Skjåk husflidslag som har stått for det praktiske arbeidet og programmet med tema rondastakk. 

Det står i historiebøkene der Olav I. Hole fortel: det kom eit par skottar til Skjåk av dei som rømde unna. Den eine budde på Holø. Han var flink til å veva ruta ty, slikt som dei hadde i kilten sin. Han lærde frå seg denne vevkunsta, og slikt ty vart gjevt i kvinnfolkbunaden her, og karane brukte vest av skotsk-rutaty som dei sa. 

Program kl. 19.00 - 20.30

  • Foredrag v/ Kristin M. Brækken (Sus i serken) 30 minutt
  • Musikk v/Annabell Randen /Aud Wenche Kvålshagen
  • Skjåk songlag 2 songar
  • Stakkwalk – konfransier Aud Hove  - 
  • Mat – max 30 min   
  • Springleik  v/spel- og dansarlaget, song Aud Hove '
  • Utdeling av pris og stipend v/Edel
  • Rydde litt dansegolv 
  • Dans 30 min v/Nordberg tvauraderlag.

Traktering; slagje storrumbrød med raudostkrem og lademjølk og kaffe og blautkaku. Det blir opna opp til peisstuggu under trakteringa. 

Husflidslaget står for bakst og servering og Bygdekvinnelaget serverer. Vi har fått raudost hjå Tine Lom og Skjåk. 

Etter trakteringa blir det utdeling av Skjåkpris og kulturstipend. Og vi avsluttar med ein halvtimes dans etter Nordberg tvauraderlag. 

Takk til alle som bidreg og gjer kvelden mogleg! Køs dykk alle som ein! 

bilde av plakat for Skjåkkvelden arrangement - Klikk for stort bilde