Søk sponsorstøtte til aktivitetar for barn og unge

Gudbrandsdal Energi-konsernet ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår, trivsel og bulyst i eigarkommunane våre, og støttar aktivitetar som særleg er retta mot barn og unge.

Søkjarane bør ha verksemda si i ein av dei fire eigarkommunane – Øyer, Ringebu, Sør-Fron eller Nord-Fron. Det er i tillegg opna for at verksemder i Skjåk kommune kan søkje.

Det er mogleg å søkje om sponsorstøtte to gonger i året. Søknadsfristane er 1. april og 1. oktober.

Lag og foreiningar blir oppmoda om å søkje. Søknader om generell drift og turar blir ikkje vurderte.

Gå direkte til søknadsskjema her:

Lokal støtte – Gudbrandsdal Energi Holding

Søknadsfrist: 1. oktober 2026