Store mengder våtserviettar skaper problem i avløpet i Bismo

Skjåk kommune har den siste tida opplevd uvanleg store mengder våtserviettar i avløpssystemet i Bismo. Dette skaper problem for pumpestasjonen og fører til ekstra arbeid og kostnader. Kommunen oppmodar alle om å vere merksame på kva dei kastar i toalettet.

Våtserviettar tettar avløpet

Våtserviettar løyser seg ikkje opp i vatn på same måte som vanleg toalettpapir. Dei kan samle seg i store klumpar, tette røyr og setje seg fast i pumpene som transporterer avløpsvatnet vidare til reinseanlegget.

Dette kan føre til driftsstans, skadar på utstyr og behov for ekstra reingjering og vedlikehald. For kommunen betyr det unødvendig bruk av tid og ressursar, og i verste fall kostbare reparasjonar.

bilde av våtservietter i rensestasjon i Bismo - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Dette skal ikkje i toalettet

Det er berre urin, avføring og toalettpapir som skal i toalettet. Andre produkt og avfall skal kastast i søpla. Dette gjeld mellom anna:

  • Våtserviettar og eingongsklutar
  • Tørkepapir og bomullspinnar (Q-tips)
  • Bind, tampongar og bleier
  • Matrestar, feitt og olje
  • Anna avfall og plastprodukt

Sjølv våtserviettar som er merkte som nedspylbare, kan skape problem i avløpssystemet.

Alle kan bidra

Når avløpet blir tett, må kommunen bruke tid og pengar på å fjerne avfall, reinse pumper og utbetre eventuelle skadar. Dette er kostnader som i siste omgang kan påverke avløpsgebyra.

Skjåk kommune oppmodar difor alle innbyggjarar om å kaste våtserviettar og anna avfall i søpla, ikkje i toalettet. Med enkle grep kan vi saman redusere driftsproblema, ta vare på avløpssystemet og unngå unødvendige kostnader.

bilde av våtservietter i rensestasjon i Bismo - Klikk for stort bildeVåtserviettar i avløpet i Bismo Skjåk kommune