Utbetring av taket på Skjåkhallen – mellombels stenging av ballbinge - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Utbetring av taket på Skjåkhallen – mellombels stenging av ballbinge

Det skal gjennomførast utbetring av taket på Skjåkhallen. For å sikre området under arbeidet blir ballbingen ved hallen/skulen stengd medan arbeidet pågår.

Det skal gjennomførast utbetring av taket på Skjåkhallen, og entreprenør vil starte opp arbeidet så snart vêret tillet det. For å sikre området under arbeidet blir ballbingen ved hallen/skulen stengd medan arbeidet pågår

Skjåk kommune/skjermdump kart

Anleggsgjerde vil bli sett opp rundt området, og delar av uteområdet ved hallen blir nytta som riggplass. Mellombels veg frå Bismotunet til gang- og sykkelvegen ved fotballbana vil vere open som vanleg.

Arbeidet er venta å vare i om lag fem månader.