Valkyrien Allstars og Are Kalvø kjem til SOLfestivalen i Skjåk - Skjåk kommune

Valkyrien Allstars og Are Kalvø kjem til SOLfestivalen i Skjåk

For tredje gong samlar SOLfestivalen bygda til feiring av ljos, liv og lagspel. I 2026 tek festivalen eit nytt steg vidare, med både lokale og nasjonale artistar på programmet og eit tydeleg blikk mot naturen og kulturarven – og det som veks fram i kvardagen i Skjåk.

Valkyrien Allstars og Are Kalvø kjem til SOLfestivalen

Årets festival viser breidda i norsk kulturliv. Valkyrien Allstars står på scena med sitt særmerkte uttrykk i skjeringspunktet mellom tradisjon og samtid, og speglar festivalen sitt mål om å kople det nære med det større. Komikar og forfattar Are Kalvø kjem med forestillinga Berre bønder lengtar heim, der han med humor og skarpt blikk utforskar identitet, røter og forholdet mellom by og bygd. Billettar til desse to arrangementa er lagt ut på Tikkio.com. 
 

Bilde av gruppa Valkyrien Allstars - Klikk for stort bildeValkyrien Allstars kjem til Skjåk og SOLfestivalen 2026 Erik Havnes

 

 Kjøp billettar til Valkyrien Allstars på Tikkio.com

Kjøp billettar til Are Kalvø på Tikkio.com

Bilete av Are Kalvø - Klikk for stort bildeAre Kalvø kjem til Skjåk og SOLfestivalen 2026

Festivalen er sterkt lokalt forankra

SOLfestivalen er sterkt lokalt forankra. Frivillige, lag og organisasjonar er sjølve ryggrada i festivalen, og publikum møter både profesjonelle utøvarar og sambygdingar. Eit av innslaga i 2026 er Espen og Stian Nicolaysen, som inviterer publikum med på ei tidsreise i trekkspelet si historie gjennom utstilling og konsert. 
 

Espen og Stian Nicolaysen - Klikk for stort bildeTrekkspelsamlinga til Espen og Stian Nicolaysen Privat foto

Fuglar i fokus

I år løftar festivalen også blikket mot naturen – nærare bestemt fuglane. Med nytt “fuglebibliotek” , og ei fotoutstilling med fuglar av Gaute Meli og Lars Kurt Haugen blir naturen ein  tydelegare del av festivalen. Rune Mølmen og Jarleif Ellingbø arrangerer fuglekasseverkstad. Her møtast kunnskap, undring og skaparglede for både barn og vaksne.
 

Bilde av fuglen lavskrike - Klikk for stort bildeLavskrike Gaute Meli

 

Stor aktivitet og gode møteplassar  i Skjåk

SOLfestivalen handlar like mykje om kvardagskulturen som om dei store sceneopplevingane. Festivalen gjev rom for å synleggjere det arbeidet som skjer gjennom året i lag og organisasjonar. 

SOLfestivalen i Skjåk 2026 er meir enn ein festival – det er ein møteplass. Ein stad for å lytte, lære, delta og vere i lag.  Takk til alle som bidreg til fellesskapen i bygda.

Program 2026

Program for årets festival blir lagt ut på heimesidene etter kvart. Det blir også laga eit papirprogram. Fylg med! 

Sei frå om du har noko som kan vere med i programmet til:

SOLfestivalen blir administrert av Skjåk folkebibliotek og Skjåk kommune - kultur.