Velkomen til Haustival i Presthaugen!
Torsdag 22. oktober inviterer Lom og Skjåk kulturskule til Haustival i Presthaugen. Publikum kan gle seg til ein kveld fylt med kunst, musikk, dans og teater. Arrangementet er ope for alle, og det er gratis inngang.
Festivalen startar kl. 18.30 ved hovudscena i Presthaugen. Gjennom ei guida vandring i grupper får publikum oppleve eit variert program med innslag frå elevane ved kulturskulen.
Alle besøkande får tildelt ei gruppe ved inngangen. Foreldregruppa stiller med matbod under arrangementet.
Praktisk informasjon
- Tid: Torsdag 22. oktober kl. 18.30–20.30.
- Stad: Presthaugen i Lom.
- Oppmøte: Opning ved hovudscena kl. 18.30.
- Påkledning: Arrangementet er utandørs, så kle deg godt.
- Gruppeinndeling: Hugs å hente gruppebillett ved inngangen.
- Parkering: Parkering ved Presthaugen er reservert for bilar med handikapbevis. Andre kan parkere ved Utgard, skulane eller Coop.
- Inngang: Gratis og ope for alle.
Lom og Skjåk kulturskule ønskjer alle velkomne til ein kulturkveld i Presthaugen!
Bilde frå fjorårets Haustival i Bismo
Skjåk komune
Publisert 20.10.2026 08.48
Sist endret 21.10.2026 22.01