Vernepleiar, 100 % fast stillingBu og meistring i Skjåk kommune søkjer ein engasjert vernepleiar i 100% stilling som ønskjer å bidra til gode og framtidsretta tenester for menneske med samansette bistandsbehov.Fast stilling som vernepleiarHjå oss får du moglegheita til å delta på utvikling av tenesta, arbeide tett på menneskjer og vere med på å byggje sterke fagmiljø. Som vernepleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av tenestemottakarane våre. Du samarbeider tett med kollegaer, pårørande og andre fagmiljø for å sikre gode, heilskaplege tenester.Arbeidsoppgåver Oppfølging og rettleiing av tenestemottakarar Målretta miljøarbeid og fagleg oppfølging Kartlegging, dokumentasjon og evaluering av tiltak Bidra til meistring, deltaking og livskvalitet Samarbeid med pårørande og samarbeidspartnarar Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid Rettleie kollegaer og studentar ved behov Bidra til fagleg utvikling av tenesteneKvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg Andre med relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan bli vurderte Erfaring frå miljøarbeid, psykisk helsearbeid eller liknande tenester er ein fordel God digital kompetanse God munnleg og skriftleg framstillingsevne Førarkort klasse BDet er krav om godkjend politiattest.Vi vektlegg at du er trygg i møte med menneskehar gode samarbeidsevnerer fagleg engasjert og utviklingsorientertarbeider strukturert og sjølvstendigbidreg til eit godt arbeidsmiljøer fleksibel og løysingsorientertPersonlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.Vi tilbyr:Moglegheit til å vere med på utvikling av nye tenester Fagleg utvikling og kompetansehevingTilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Spørsmål kan rettast til konstituert tenesteleiar Jo Andre Sperstad-Fjeld, mobil 45 34 39 53Søknadsfrist 22.11.2026Elektronisk søknadsskjemaSøkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt. Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune er ei av kommunane som er omfatta av ordninga der ein kan søkje om å få sletta delar av studielån. Sist endret 06.11.2026 15.14