Eit trygt og godt lokalsamfunn
Deltakarane trekkjer fram nærleiken til tenestene som ein av dei største styrkane i kommunen. Gode helse- og omsorgstenester, stabil legedekning og eit godt tilbod innan heimebasert omsorg blir løfta fram som svært viktige kvalitetar.
I tillegg blir samhald, frivillig innsats og eit rikt organisasjonsliv omtala som noko av grunnlaget for trivsel og livskvalitet i bygda. Mange peikar på at dugnadsånda og viljen til å stille opp for kvarandre er noko av det som gjer Skjåk til ein god stad å bu.
Bustader er eit viktig framtidstema
Eit av dei tydelegaste bodskapa frå medverknadsarbeidet er behovet for fleire bustader som er tilpassa ulike behov og livsfasar.
Det gjeld mellom anna:
- livsløpsbustader
- universelt utforma bustader
- leilegheiter og bufellesskap for eldre
- utleigebustader
- bustader for personar med særlege behov
Fleire peikar på at gode bustadløysingar vil vere avgjerande både for at eldre kan bli buande lenger heime, og for å gjere kommunen meir attraktiv for nye innbyggjarar.
Levande grender og gode møteplassar
Innspela viser eit sterkt ønskje om å oppretthalde busetjing og aktivitet i heile kommunen. Møteplassar, kulturaktivitetar, frivillig arbeid og gode grendemiljø blir vurderte som viktige for både trivsel og folkehelse.
Mange ønskjer at kommunen held fram med å støtte opp om biblioteket, lag, foreiningar og frivillige initiativ som skaper fellesskap og engasjement.
Arbeidsplassar og framtidstru
For å sikre vekst og utvikling meiner deltakarane at det må arbeidast aktivt med næringsutvikling og arbeidsplassar. Landbruket blir framheva som ein sentral del av identiteten og verdiskapinga i kommunen, samtidig som det er viktig å leggje til rette for nye arbeidsplassar og nyetableringar.
Gode oppvekstvilkår, attraktive bumiljø og eit mangfald av aktivitetstilbod blir òg sett på som viktige faktorar for å tiltrekkje og halde på innbyggjarar.
Betre transport og tilgjenge
Mange peikar på at transport er ein nøkkel til deltaking og aktivitet, spesielt for eldre og personar utan eigen bil. Det blir etterlyst løysingar som gjer det enklare å kome seg til butikkar, aktivitetar og tenester.
I tillegg blir det understreka at kommunen må sørgje for god og tilgjengeleg informasjon til alle innbyggjarar, også dei som ikkje nyttar digitale kanalar til dagleg.
Ta vare på det som gjer Skjåk til Skjåk
Gjennom innspela kjem det fram ein sterk stoltheit over lokal kultur, natur og historie. Deltakarane trekkjer fram verdiar som fellesskap, byggeskikk, tradisjonar, kulturaktivitetar, husflid, landbruk, jakt, fiske og nærleiken til naturen som viktige delar av identiteten til bygda.
Dette er verdiar mange ønskjer at samfunnsplanen skal byggje vidare på.
Takk for engasjementet
Skjåk kommune takkar Eldrerådet, Brukarrådet og Pensjonistforbundet for viktige og konstruktive innspel. Dei ynskte sjølve å ha felles møte om dette arbeidet. Medverknaden gir verdifull kunnskap om kva innbyggjarane meiner er viktig for utviklinga av kommunen, og vil vere eit viktig grunnlag i det vidare arbeidet med ny samfunnsplan.