Bismo barnehageBismo barnehage ligg sentralt i Bismo med barn fordelt på småbarns- og storebarnsavdelingar. Vi legg vekt på leik, tryggleik og gode opplevingar for barna. VedtekterVedtekter for dei kommunale barnehagane i Skjåk kommune.Sjå vedtekterOm Bismo barnehageBismo barnehage ligg midt i Bismo sentrum i Skjåk kommune. Barnehagen vart bygd i 1983 og utvida i 2004. Vi har to småbarnsavdelingar (0–3 år) og ei avdeling for større barn (3–6 år). Totalt har barnehagen 54 plassar.Leik og fellesskapVi ønskjer å gje barna ein kvardag fylt med leik, glede, erfaringar og gode minner.FriskusbarnehageBismo barnehage er ein Friskusbarnehage. Det betyr at vi legg stor vekt på fysisk aktivitet. Uteområdet vårt er variert og innbydande, med skog, naturleikeplass, gapahuk og grillhytte. Rett utanfor gjerdet har vi gode turmoglegheiter, og vi har Skjåkhallen som næraste nabo med faste tider kvar veke.VisjonVisjonen vår er «Sjå ljost på livet». Vi møter kvar dag som ei ny moglegheit til å møte små og store med eit ope og positivt sinn. Bismo barnehage - Barnehagefakta Søk barnehageplass i Bismo barnehageFor å søkje barnehageplass bruker du barnehageportalen vår. Sist endret 18.08.2026 14.54