Starte på skule

Alle elevar i grunnskulen har rett til å gå på skulen som ligg nærast, eller på den skulen i nærmiljøet dei høyrer til. Elevar får tildelt plass på nærmaste skule. Dette skjer elektronisk ut i frå folkeregistrert adresse.

  • Barn startar på skulen det året dei fyller seks år.
  • Alle barn som skal begynne på skulen, får brev frå nærskulen.
  • Barnet er automatisk tildelt plass ved skulen det høyrer til.

Alder for skulestart

Barn startar vanlegvis i grunnskulen det kalenderåret dei fyller 6 år. Opplæringsloven §2-1 gjer moglegheit til å søke om tidleg eller utsett skulestart. 

Les også

Søk plass på SFO

Tidleg skulestart

Barn som fyller 5 år i perioden 1. januar til 31. mars kan søke om tidleg skulestart. Søknad skal sendast til skolen barnet høyrer til. Rektor sender deretter tilvising til PPT for ei vurdering.

Utsett skolestart

Utsett skulestart betyr at barnet startar på skulen det året det fyller sju år.

Barnet kan få utsett skulestart dersom ei sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) viser at det er tvil om barnet er kome langt nok i utviklinga til å starte på skulen.

Ta kontakt med PPT for å få gjort ei sakkunnig vurdering. Søknad om utsett skulestart, saman med vurderinga frå PPT, skal sendast til rektor ved nærskulen.

Innskriving i skulen for 1.-klassingar

Innskriving av elevar til første klasse skjer i januar det året dei skal begynne på skulen.
Nye elevar får brev frå skulen med informasjon om skulen og om når barnet og føresette blir inviterte til å kome på besøk og bli kjende.

Les også

Overgang mellom barnehage og skule

Målform i skulen

Hovudmålforma som skal brukast i skulen, er nynorsk. Forskrifta om målform gjeld for alle elevar i skulen i Skjåk kommune. Nynorsk skal nyttast i lærebøker og i skriftleg arbeid i skulen.

Forskrifta gjeld frå ho er kunngjord i Norsk Lovtidend og fram til det eventuelt blir gjort endringar.

Forskrift om hovudmål