Frivillig engasjement er ein berebjelke i lokalsamfunnet i Skjåk kommune. Gjennom lag og foreiningar, og ein eigen friviljugsentral blir det skapt aktivitetar, møteplassar og fellesskap som gir verdi både for den som deltek og den som bidreg.
Vil du ha di foreining inn på Friskus?
Slik gjer du det
Eit aktivt organisasjonsliv legg til rette for inkludering, tilhøyrsle og meistring på tvers av alder, interesser og livssituasjon. Her finn innbyggarane rom for å utvikle seg, vere saman med andre, og bidra til utvikling og samhald i nærmiljøet.
Kommunen ønskjer å vere ein støttespelar for frivilligheita, og samarbeider med lag og foreiningar for å vidareutvikle eit mangfaldig og tilgjengeleg fritidstilbod. Saman byggjer vi eit lokalsamfunn der fleire kan delta, engasjere seg og oppleve god livskvalitet.
Sist endret 30.04.2026 13.54