Kreftkontakt

Har du eller ein av dine næraste fått kreft, kan kreftkontakten gi råd, støtte og oppfølging.

Råd og rettleiing ved kreft

Ønskjer du råd, rettleiing eller hjelp til å finne svar i samband med kreft?

I Skjåk kommune er Ida Mork tilsett som kreftsjukepleier i 20 % stilling. Ho er tilknytta heimesjukepleia.

Ein kreftsjukepleier er ein sjukepleier med spesialutdanning innanfor kreftbehandling og sjukepleie til kreftpasientar. Dersom du eller ein av dine næraste har fått ei kreftdiagnose, kan kreftsjukepleier gi råd og rettleiing.

Du kan få hjelp til

  • støtte til meistring av sjukdommen
  • oppfylgjing av, under eller etter behandling
  • støttefunksjon for pårørande
  • hjelp til symptomlindring, i samarbeid med lege
  • hjelp til kontakt med spesialist-tenesta

Ta gjerne kontakt sjølv, eller be legen din eller andre formidle kontakt.

Kontaktinformasjon

Tenesta er ein del av heimesjukepleia . Du kan difor også kontakte heimesjukepleia dersom du har spørsmål eller treng hjelp.

Gå til heimesjukepleia her