Skjåk folkebibliotek er meir enn bøker i hyllene. Vi er ein open og triveleg møteplass der du kan finne nye historier, lære noko nytt, møte andre og ta del i kulturlivet i Skjåk.
Biblioteket har fleire soner med gode sitjeplassar, enten du vil lese, jobbe, studere eller berre ta ein pause. Du kan også nyte ein kopp gratis kaffi frå kaffimaskina medan du er hjå oss. Velkomen innom – her er det plass til alle!
Skjåk folkebibliotek vart kåra til “Årets bibliotek 2025” av Norsk Bibliotekforening.