Fysioterapeut søkjast til korttidsvikariat

Lom og Skjåk kommunar har felles ergo- og fysioterapiteneste, og vi søkjer nå ein fysioterapeut til vikariat frå 14. september til 8. november 2026.

Arbeidsoppgåvene omfattar helsefremjande, førebyggjande og behandlande fysioterapi for ulike aldersgrupper, med særleg fokus på barn og unge. Oppmøtestad vil hovudsakleg vere i Lom, med arbeid i Skjåk ved behov.

Vi ser etter deg som:

  • Er autorisert fysioterapeut
  • Har interesse for arbeid med barn
  • Kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Er sjølvstendig, fleksibel og samarbeidsorientert
  • Har godt humør og trivst i møte med menneske

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Førarkort klasse B er ein fordel.

Lom ligg midt i hjartet av Jotunheimen og byr på flotte naturopplevingar både til kvardags og i fritida.

Ynskjeleg med snarleg oppstart. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Har du spørsmål om stillinga, så ta kontakt med leiar for ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk: Sivert Jonassen.

Gå til søknadsskjema