Godt å vekse opp i Skjåk
Gjennom gruppearbeid, diskusjonar og idémyldring kom det fram eit tydeleg bilete av korleis ungdomane ser på Skjåk i dag og kva dei håpar bygda skal vere i framtida. Det sterkaste bodskapet var kanskje at dei aller fleste trivst godt der dei bur. Naturen, fjella, jakt- og fiskemoglegheitene, fritidsaktivitetane og det at «alle kjenner alle», vart trekte fram som noko av det beste ved å vekse opp i Skjåk.
Skjåk kommune
Ønskjer ei bygd i utvikling
Samtidig meiner dei at bygda kan bli endå betre. Fleire gang- og sykkelvegar, betre kollektivtransport, fleire butikkar, fleire møteplassar, eit meir levande sentrum, fleire bustader og fleire arbeidsplassar går att i innspela. Dette er ønskje som speglar mange av utfordringane og moglegheitene kommunen arbeider med i dag.
Store og kreative framtidsvisjonar
Men når ungdom får lov til å tenkje heilt fritt, kjem også dei verkeleg store visjonane på bordet. Blant forslaga som skapte både smil og latter, finn vi flyplass i Skjåk, atomkraftverk, skyskrapar med kontor for å trekkje fleire folk til bygda, oppvarma elv, gocartbane gjennom kommunen, elg- og reinpark, kattekafé og ikkje minst ChatGPT til alle elevar.
Alvor og humor rundt borda
Kreativiteten stoppa ikkje der. Mellom dei mange innspela dukka det opp kommentarar som «Når fjellet er stengd slepp vi vestlendingane», «Godt utval av gutar» og «Fine damer». Slike utsegner gav dei vaksne rundt borda ein god latter, men synte også at ungdomane kjende seg trygge nok til å delta med både alvor og glimt i auga.
Vil sjølve bidra til eit godt lokalsamfunn
Det mest imponerande var likevel ikkje kva ungdomane ønskjer at andre skal gjere, men kva dei sjølve er villige til å bidra med. Då dei fekk spørsmål om korleis dei sjølve kan vere med på å utvikle Skjåk, kom svara raskt. Dei ønskjer å vere snille, høflege og inkluderande, hjelpe andre og motarbeide hærverk. Dei vil ta vare på naturen, plukke søppel og bidra til eit triveleg nærmiljø. Mange peika også på at dei vil delta på dugnader, arrangere aktivitetar og samarbeide med kommune, lag og organisasjonar for å skape fleire møteplassar og aktivitetar for barn og unge.
Ønskjer eit levande Skjåk også i framtida
Innspela viser ein generasjon som er oppteken av fellesskap, miljø og lokal utvikling. Bak forslag om flyplassar og kattekaféar ligg det eit alvorleg bodskap om ønsket om aktivitet, framtidstru og eit levande lokalsamfunn. Ungdomane ønskjer at Skjåk skal vere ein stad der folk vil bu, arbeide og trivast, også i framtida.
Lokal mat på menyen
Sota sæter stod for matserveringa og dei hadde rigga til grill i gamleheimstrædet der det vart grilla produkt av lokale råvarer.
Skjåk kommune
Innspela blir med vidare
Innspela frå medverknadsdagen blir no tekne med vidare i arbeidet med ny samfunnsplan for Skjåk kommune. Og om det ikkje blir atomkraftverk eller skyskrapar med det første, har kommunen fått noko minst like verdifullt: eit tydeleg innblikk i kva den oppveksande generasjonen meiner er viktig for framtidas Skjåk.